Hopp til innhold

Vil endre haldningar gjennom bloggen sin

Massoma Jurmy (17) bloggar om flyktningsituasjonen. Ho vil endre haldninga nordmenn har til dei som kjem til landet.

Massoma Jurmy

HALDNINGSENDRING: Massoma Jurmy vil gjennom innlegg på bloggen sin endre haldninga nordmenn har til utlendingar.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Eg har eit håp om at Ola Nordmann skal ta tak i seg sjølv og gje slipp på fordommane sine. Vi må ikkje berre ta dei imot, men vi må ta godt imot dei, seier Jurmy.

Etter at regjeringa vedtok å ta imot 8000 flyktningar tok ho datamaskina fatt og skreiv om sine tankar og erfaringar om temaet.

Vil endre haldningar

Jurmy er 17 år og går på vidaregåande skule i Førde. Ho bloggar om seg sjølv og mote, samstundes som ho har eit sterkt engasjement for flyktningar. Jurmy er overraska over kor mange fordommar dei finst blant nordmenn.

– Vi er så redde for kven som kjem til dette landet. Det har planta seg tankar om at utlendingar er terroristar og øydeleggarar av samfunnet. Eg innsåg at det må gjerast noko med haldningane til folk, fortel ho.

Kjære du som meiner at vi ikkje har plass til fleire flyktningar i kommunane. Ville du sagt det same om dine næraste var i Syria, og var desperate etter hjelp? Ville du då sett på dei som byrder for samfunnet, som du ville ha piska bort som insekt?

Frå bloggen til Massoma Jurmy

Bloggaren meiner det er på tide at politikarane strekk seg lenger for å hjelpe dei som treng det mest.

– Libanon, som er på storleik med Hordaland i areal, tek imot ein million flyktningar, og her skjelv vi når det er snakk om 8000, seier Jurmy.

Massoma Jurmy

MÅ STREKKE SEG: Bloggaren Massoma Jurmy (17) meiner politikarane burde gjere meir for å ta imot fleire flyktningar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Kan gjere Noreg betre

Jurmy hevdar sjølv ho ville opna døra for flyktningar, dersom det var for nokon som passar inn saman med familien hennar.

– Eg ser på flyktningane som mine systrer og brør. På eit eller anna tidspunkt har vi opplevd det same, men eg har vore den heldige, fortel 17-åringen.

Foreldra til Jurmy flykta frå Afghanistan fordi far hennar var talsmann for presidenten. Dei flykta då til Iran der Jurmy vart fødd. Vidare kom familien til Noreg som flyktningar gjennom FN.

Bloggaren trur grunnen til at mange er skeptiske til å ta imot flyktningar er at fordommane har fått vekse fritt.

– Mange tenker at innvandrar sit på rumpa og tek imot stønad, men mange av dei som kjem hit er høgt utdanna og ein ressurs. Med den riktige hjelpa kan dei som kjem hit gjere Noreg betre, seier 17-åringen.