Hopp til innhold

Vil byggje meir vegar

Bjørn Lødemel er skeptisk til bompengar, men seier ikkje nei om det er lokal vilje til å byggje vegar med slike pengar.

Bjørn Lødemel
Foto: Privat

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

HEI POLITIKER - Bjørn Lødemel

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar for å betale for samferdselsprosjekt?

– Høgre er i utgangspunktet kritisk til bompengar, men dersom det er lokal vilje til å bruke bompengar for å realisere viktige vegprosjekt er vi ikkje avvisande til det.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Heile eller deler av linja må leggast i sjøkabel med påkoplingspunkt på kysten.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Bygge betre infrastruktur/vegar for å utvikle gode og attraktive bu- og arbeidsregionar. Legge til rette for å utvikle ”det gode liv” i lokalmiljøa våre. Styrke frivilleg sektor og satse mykje meir på idett, frivillegheit, folkehelse og førebyggande arbeid for å få trivelege og trygge lokalsamfunn. Kulturarven våre er ei svært viktig plattform for oss i fjordfylket. Kommunane må få handlingsrom til å utvikling også i strandsona/100 m beltet, utan at Fylkesmannen/statsbyråkratar skal kunne skape så mange hindringar som no.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

– Bygge tillit i alle delane av fyllet, og motivere for omstilling og vidareutvikling av dei sjukehusa vi har i dag. Krevje ei rettferdig fordeling av ressursane innan Helse-Norge (jfr. Magnussen-utvalet) og innan det regionale helseføretaket Helse Vest. Betre samarbeid og samspel mellom sjukehusa på vår del av Vestlandet.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Miljøpolitikk er sektorovergripande og handlar om å setje grunnleggjande haldningar ut i praktisk politikk. Høgre tek klimatrusselen på alvor – det betyr at heile samfunnet må tenkje annleis når det gjeld energibruk, samferdsle og livsmønster m.m.

Som representant for mitt parti vil eg leggje til grunn eit heilskapleg politisk grunnsyn/ideologi – konservatismen – som i sin basis har som sentralt poeng å ta vare på det vi har av natur/verdiar, og at ein skal te seg slik både praktisk og langsiktig at ein ikkje skuslar dette vekk. Utifrå dette er Høgre eit heilskapleg tenkjande miljøparti.

Andre viktige praktiske tiltak er å oppmuntre til meir sortering av og attbruk av søppel/boss. Her har det skjedd mykje, men samanlikna med m.a. Tyskland kan Norge skjerpe seg fleire hakk.

I mange høve er målretta bruk av verna område/bygningar betre enn passivt vern, der ingen får tillating til å nytte områda/bygningane på vettig vis. Det siste her er aktuelt ettersom store areal i vårt naturskjønne fylke er verna på eit eller anna vis. Det kan ikkje vere slik at vi som faktisk bur her framleis skal vere ”museums-folk” for turistar frå andre deler av landet; vi må få høve til å ta ressursane i bruk til m.a. småkraft (praktisk døme Tvinna-fossen i Stryn kommune), men dette må sjåast i ein heilskapleg

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Starta mi politiske karriere i Erling Norvik si tid som Høgre-leiar. Høgre er eit parti som er oppteken av enkeltmennesket. Friheit, ansvar og mangfald er gode slagord som rommar det meste eg står for som politikar.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Høgre har sett samferdsle som ei av tre hovudsaker dei komande åra. Det er eg svært glad for. Eg vil arbeide aktivt for å realisere viktige vegprosjekt i alle delane av fylket. Kystvegen mellom Bergen og Ålesund er viktig. Delstrekninga mellom byane Måløy og Florø (45 min. regionen) har Høgre allereie prioritert som eit spleiselag mellom næringslivet, brukarane og staten.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

–At Høgre år gjennomslag for vår politikk, og at vi kan ha eit felles mål for vår politikk. Pluss å leggje grunnlaget for regjeringsskifte til ikkje-sosialistisk regjering.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Eg kan og vil samarbeide med alle dei reelt ikkje-sosialistiske partia.

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Dei raudgrøne partia og partiet Raudt.

Høyr også portrettet med andrekandidaten Jacob Nødseth