Hopp til innhold

Vil bli kvitt Arne Johannesen

Nestleiaren i Politiet Fellesforbund vil kvitte seg med leiar Arne Johannessen.

Arne Johannessen

FORTEL OM TØFFE TAK: Arne Johannessen seier det føregår eit spel bak ryggen hans.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Dagbladet skriv at det herjar ein beinhard maktkamp i politiet og at nestleiar Sigve Bolstad sjølv ønskjer å overta som leiar i Politiets Fellesforbund.

Johannesen seier han er kjend med at Bolstad har signalisert at han er leiarkandidat.

– Eg er også kjend med at det har føregått eit spel bak ryggen min, seier Johannesen til avisa.

Han seier det ikkje er politisk ueinighet mellom han og Bolstad.

– Dette dreier seg om kamp om makt, seier Johannessen.

Ikkje sikkert han held fram

Arne Johannessen frå Hafslo har sidan han vart vald som leiar i Politiets Fellesforbund i 2000, blitt attvald samrøystes utan motkandidat. Han skal ha stor tillit mellom medlemmene i Politiets Fellesforbund.

Tysdag kom det fram at Johannessen vurderer å trekkje seg frå vervet som leiar i Politiets Fellesforbund. Han har sagt ja til attval, men har presisert at det likevel ikkje er sikkert at han held fram.

I Dagsavisen tysdag fortalde han at det hadde vore tøffe tak sidan han tok til med organisasjonsarbeid på toppnivå i 1988.

Vil overta

Sigve Bolstad stadfestar ovanfor Dagbladet at han vil overta jobben som øvste leiar i PF dersom medlemmene og landsmøtet ønskjer det.

Han seier det er ei heilskap som ligg til grunn for vurderinga for å stille som kandidat.