Hopp til innhold

Vikje er no i landstoppen i lengde

Under eit friidrettsstemne i USA fredag sette Henrik Holmberg (23) frå Vik ny rekord i lengdehopp.

Henrik Holmberg saman med Bryan Clay

LOVORD FRÅ HELTEN: Sjølv om Henrik Holmberg (til høgre) var éin centimeter få siger i lengde der ein av premiane var å møte Bryan Clay, fekk likevel vikjen møte den amerikanske helten som tidlegare har vunne OL-gull i mangekamp.

Foto: Privat/henrikholmberg.blogg.no

Før fredag var rekordlengda til mangekjemparen frå Vik 6,80 meter, men under friidrettsstemnet «Bryan Clay Invitional» i Los Angeles i California slo han rekorden sin heile tre gonger. Den nye personlege rekorden hans er no 7,30 meter.

Ifølgje friidrettsgruppa i Vik er dette resultatet i landstoppen, og berre tre menn har hoppe lengre utandørs i heile fjorsesongen i Noreg.

Holmberg var berre éin centimeter frå å vinne lengdekonkurransen. Hadde han vunne ville han automatisk fått eit møte med den amerikanske gullvinnaren i mangekamp, Bryan Clay. Men det vart ei trøyst at han likevel fekk møte helten.

OL-vinnaren var imponert

Då Holmberg fortalde at han hadde hoppa 7,30 meter, sa Clay at det ikkje var så verst. Men då vikjen la til at han var mangekjemper vart Clay svært imponert, og sa: «Verkeleg? Då er det verkeleg bra!». Slike lovord betyr mykje for 23-åringen frå Vik.

– Å møte Bryan Clay var stort. Han er ein av dei større atletane gjennom tidene, og det va kjekt å sjå at han var ein jordnær fyr. Det er ikkje kvar dag ein møter folk som ha vunne gull i OL, seier Holmberg til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mangekjempar Henrik Holmberg gjer det godt

REKORD: Henrik Holmberg frå Vik sette ny personleg rekord, og var berre éin centimeter frå siger i lengdekonkurransen.

Foto: Privat/henrikholmberg.blogg.no

Holmberg går på skule i USA og har heile tida jobba målretta innan friidrett og mangekamp. Målet for denne sesongen var å bryte med sjumetersgrensa i lengdehopp, og det er vikjen strålande nøgd med å ha fått til.

– Alle hoppa var over den gamle persen min og alle var over sju meter, så eg kjende meg i strålande form. Vi gjorde riktige justeringar i tilløpet gjennom heile konkurransen og fekk ut eit optimalt hopp på 7,30, eit hopp som set meg topp tre i Noreg i lengde i fjor. Det er ganske kult med tanke på at lengde berre er ein tiandedel av mangekamp, fortel vikjen.

Går for Student-VM og Senior-NM

Han seier han tidlegare har kjend at han har hatt meir inne og at han skulle over sju meter, men at 7,30 var langt meir enn han hadde tenkt.

– Det var kanskje ketchup-effekten som slo til. Det var kult å kunne gjere det så bra i Los Angeles når vi først er her, og under så perfekte forhold.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bryan Clay Invitional

GODE FORHOLD: Vikjen tykte det var ekstra kjekt å gjere det så godt under så flotte forhold som her i Los Angeles i USA.

Foto: Privat/henrikholmberg.blogg.no

Henrik har no fullført innandørssesongen der han var mellom dei åtte som vart kåra til All-American i innandørs sjukamp i USA og har no så vidt byrja på utandørssesongen som han innleia med å persa seg på 400 meter, der han sprang på 49,76 under eit stemne i Sioux Falls (Sør-Dakota).

Sist helg var det Kansas, med temperaturar så vidt over null grader, og førstkomande helg er det mangekamp i Iowa. Holmberg har fleire mål for framtida.

– Først og fremst er målet mitt å vere skadefri. Det er alltid prioritet nummer ein. I nær framtid skal fullføre ein heil mangekamp og gå over 7000 poeng, som vil kvalifisere meg til Nationals her i USA i slutten av mai, det største stemnet i USA for studentar. Og så håpar eg å komme med til verdsmeisterskapen for studentar i Russland i sommar og representere Noreg. Deretter er det Senior-NM i august i Noreg.