Hopp til innhold

Har starta rivinga av Vikenhuset i Jølster

Gravemaskina er på plass. Med det er Jølster kommune i ferd med å fullføre eit 40 år gamalt vedtak med å rive Vikenhuset.

Vikenhuset i Jølster blir rive etter 40 års kamp om lagnaden til huset.

STARTA RIVING: Rivingsvedtaket av Vikenhuset har vore omstridd. No er rivinga starta.

– Eg blir så lei meg at eg får lyst å grine. Eg blir så forbanna. Det seier Judith Hegrenes som er ein del av "Vikenhusets Vener". Ho oppdaga tilfeldig at rivinga var starta.

– Eg kom tilfeldig køyrande forbi då eg såg gravemaskina og dei store hola i veggane. Dette gjer meg skikkeleg lei meg seier ho.

Gamalt vedtak

Vikenhuset vart bygd i 1932. Det har vore planar om riving av Vikenhuset, som står rett framfor kommunehuset på Skei, heilt sidan sistnemnde vart bygd på midten av 70-talet. Første rivingsvedtak i den omstridde saka vart gjort i 1998, men aldri sett i verk.

Ordførar i Jølster kommune, Oddmund Klakegg, seier kommunen er i ferd med å utføre eit 40 år gamalt vedtak.

– Det er sett opp sikringstiltak for å gjennomføre vedtaket som vart gjort for så lenge sidan. Det skal settast opp gjerde, sortere spesialavfall og sikring av huset.

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, framfor Vikenhuset som i dag blir rive.

RIVING: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, seier det ikkje var nokon grunn til å vente med å rive det omstridde Vikenhuset på Skei i Jølster.

Foto: Heidi Lise Bakke

Klakegg seier Sivilombodsmannen har stadfesta vedtaket til Jølster kommune, og saka var oppe i kommunestyret i førre veke. Fleirtalet i Kommunestyret vedtok på nytt riving.

Ingen grunn til å vente

– Då ser vi ingen grunn til å vente med å starte rivinga og dermed sette i verk vedtaket som Jølster kommune har gjort.

Klakegg seier det opp gjennom åra har vore sett på fleire løysingar for å bruke huset og selje det. Men det skal ikkje ha komme løysingar på dette.

– Fortidsminneforeininga og Riksantikvaren er varsla om kva som skjer, utan at det er komme reaksjonar frå dei. Og då må ein rekne med at kommunen gjer dei vedtak som er nødvendige.

(Artikkelen held fram under bilete)

Vikenhuset er i ferd med å bli rive

STARTA RIVING: Rivingsvedtaket av Vikenhuset har vore omstridd. No er rivinga starta.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

For Judith Hegrenes i "Vikenhusets Vener" er det vanskeleg å komme over sjokket over at rivinga er starta.

– Eg ser gjennom eit stort hol i den austre veggen. Inn på det blå kammerset. Lyseblått er det og mange fine måleri på veggen. Dette gjer meg vondt.