Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt etter at det gjekk eit snøras i går. Statens vegvesen opplyser at det vil bli gjort ei ny vurdering om kor vidt vegen kan opne rundt klokka 14 i dag.
Fylkesveg 55 over Sognefjellet opna etter ein snørik vinter torsdag 30. april. Men etter ei knapp veke måtte fjellovergangen stengast på grunn av uvêr. Rundt klokka 08 vart fjellovergangen opna.
Også Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengt på grunn av snøras og fare for ras.