– Det var utruleg spennande. «Tjåka fullt» på sidelina med foreldre, leiarar, utslegne spelarar og andre folk frå både oss og Lyn, jublar Allan Mardal.
Han er lagleiar for 15 og 16-åringane frå Sandane, som i kveld slo Lyn 5–4 på straffespark i Norway Cup. Etter full tid og ekstraomgangar var stillinga 2–2. I kvartfinalen A-sluttspelet ventar Gjøvik Lyn i morgon tidleg.
– Det har gått veldig bra, og langt over forventningane, seier Mardal.
Har kome inn i «Cup-bobla»
Straffesigeren var dagens andre for Sandane, etter at Vear/Stokke vart slått 1–0 i dag tidleg. Dermed er det 14 slitne spelarar som kviler ut i kveld.
– No i kveld er det strengt regime, spøker Mardal. Jentene har vore å ete middag, og ligg på skulen og slappar av, seier han.
Og stemninga på skulen er stor.
– Ein kjem inn i ei boble når ein går eit stykke i sluttspel. Dette er ei oppleving for livet, både for vaksne og ungdom, seier Mardal.
Kvartfinale også for Sogndal
Det er jentelaga frå Sogn og Fjordane som har markert seg sterkast i A-sluttspela i 11`ar-klassane. Sogndal sitt jente-14 lag er også i kvartfinalen, etter ein kontrollert 3–1 siger over Bremnes tidlegare i dag.
– Det er kjempestemning. Alle er godt tilfredse, kan lagleiar Eli Mundhjel rapportere frå Oslo.
Heile gjengen, inkludert gutelaget som dessverre er ute av turneringa, skal heie i kvartfinalen i morgon. Men i kveld er det, også for sogningane, restitusjon som står på programmet.
– Vi roar heilt ned på skulen etter kveldsmat. Her er det restitusjon og massasje, og tigerbalsam over heile etasjen, ler Mundhjel.
Til finale og semifinale
Fleire 7`ar-lag har også markert seg i A-sluttspelet.
Syril sine jenter på 14 år har kome seg heilt til finalen. Dei vann 1–0 over Kvaløya i semifinalen i kveld. Årdalstangen sitt jente-16 lag er vidare til semifinalen etter sigrar 4–2 over Nesbyen og 4–0 over Manglerud Star.
Tornado-Måløy sitt gutelag teke seg til kvartfinalen i A-sluttspelet, med ein 4-3-siger over Lørenskog IF 2 i ettermiddag. Kvartfinalen spelast i kveld.
Eit spektakulært resultat frå B-sluttspelet for 7`ar-lag i dag: Høyang vann 27–0 over Larsnes.
For alle resultata frå fylket kan du sjekke haugenfotball.no