Hopp til innhold

Veslebror vann over storebror

Veslebror Sogndal knuste storebror Brann heime på Fosshaugane. Kampen enda 1–0 etter eit vakkert mål av Ørjan Hopen. Jubelen stod i taket etter kampslutt.

Sogndal jublar etter siger over Brann
Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal hadde fleire store målsjansar og var det klart beste laget i første omgang. Etter 37 minutt løfta taket seg på Fosshaugane. Ørjan Hopen sende ein corner rett i mål og jubelen ville ingen ende ta.

Brann starta best i andre omgang, men Sogndal kom etter og hadde fleire målfarlege cornerar. Storebror frå Bergen vart rett og slett hardt pressa utover i omgangen.

Eit fullsett Fosshaugane stadion kunne ni minutt før slutt sjå at Ulrik Flo gjekk av bana, og at onkel Tore Andre Flo kom inn.

Etter full tid pluss fire minutt i tillegg kunne sogndølene sleppe jubelen laus, og konstatere at dei hadde vunne "årets kamp" på Fosshaugane.

Sogndal har no 27 poeng og har teke eit steg bort frå nedrykksposisjon. No ventar Fredrikstad borte, og den kampen blir utan Ole Jørgen Halvorsen og Ahyee Ayi Elvis på laget. Begge er ute med gule kort i neste kamp.