Hopp til innhold

Broren: – Det har vore eit år fullt av sorg. Sorga forsvinn ikkje.

2012 vart det svartaste rusåret på norske vegar på ti år. – Det hjelper ingen om du angrar i ettertid, seier Gudmund Osmundsen som mista broren på grunn av ein rusa sjåfør.

Mista livet i trafikkulukke

MISTA LIVET: Karsten Stall Osmundsen mista livet i ei trafikkulukke i Hjelmåstunnelen i Lindås 7. februar 2012. Bilføraren han kolliderte med var rusa og kom over i feil køyrebane.

Foto: Arthur Kleiveland, Avisa Nordhordland / Privat

Ein tysdagsmorgon i februar leita Gudmund Osmundsen fånyttes etter teikna på at det ikkje var nokon han kjende som var involvert i dødsulukka i Hjelmåstunnelen på E-39 gjennom Lindås kommune.

– Eg mista broren min, men eg mista og bestevennen min gjennom meir enn 20 år. Sidan det har det vore eit år fullt av sorg. Sorga forsvinn ikkje, fortel 41-åringen til NRK.no.

Bilføraren som kom over i feil køyrefelt og drap Karsten Stall Osmundsen (36) var rusa. Det har det vore vanskeleg for broren å akseptera. Dei to brørne hadde akkurat starta på ein ny fase i livet saman som småbarnsfedre.

– Me skulle oppleva så mykje i lag. Alt skulle klaffa. Det er heilt utenkeleg at nokon du er så glad i skal gå bort.

La vera, det er ikkje verdt det. Det hjelper ingen at ein angrar eller er uheldig når ein forårsakar noko slikt.

Gudmund Osmundsen, om folk som køyrer når dei er rusa.

Eksplosiv vekst i promillesaker

Rekordmange tatt med promille

STOPPA FLEIRE ENN NOKON GONG: Lensmann i Nordhordland Einar Vatne kan visa til fleire promillesaker i trafikken enn nokon gong.

Foto: Sølve Rydland / NRK
Alkometer

FLEIRE BLES RAUDT: Tal frå politiet viser ei auke i talet på promillesaker i 2012. Ein må tilbake til 2003 for å finna like mange rusa sjåførar som vart avslørt av politiet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ulukka der 36-åringen frå Nordhordland mista livet var den andre på den same strekninga på nyåret i fjor.

Når lensmann Einar Vatne oppsummerer året som starta så brutalt har politiet i regionen stoppa 83 personar for ruskøyring i lensmannsdistriktet nord for Bergen.

Det er fleire enn nokon gong, og nesten dobbelt så mange som i 2011.

– Eg slit med å finna grunnane til at me har tatt så mange, den einaste forklaringa me har er at dei to ulukkene på nyåret fekk mange til å reagera. Me har fått langt fleire tips om personar som har oppført seg merkeleg i trafikken enn tidlegare, seier Lensmann i Nordhordland, Einar Vatne.

Verste på ti år

På landsbasis må ein tilbake ti år, til 2003, for å finna sist like mange bilførarar vart stoppa av politiet med alkohol eller andre rusmiddel i blodet.

Tal frå Utrykningspolitiet viser at 8635 sjåførar vart tatt av politiet. Det er politiet i Hordaland som har tatt flest for fyllekøyring.

– I utgangspunktet høyrest det dramatisk ut, for det er ein kraftig vekst, seier politimeister i Hordaland Geir Gudmundsen.

Veksten kan ikkje forklarast ut ifrå auka kontrollaktivitet frå politiet si side, og ingenting tyder på at det var fleire rusa førarar på vegane i 2012 enn tidlegare.

– Ifølgje forskinga er talet på rusa førarar relativt stabilt. Så langt er den mest nærliggande forklaringa at folk har vorte flinkare til å varsla politiet når dei ser unormal trafikkåtverd, seier Gudmundsen.

Les òg: Kvar fjerde trafikkulukke skuldast rus

Ulukkene prega lokalmiljøet

I Nordhordland har dei to dødsulukkene på nyåret, der to uskuldige menn mista livet, gått sterkt inn på befolkninga.


– Når eg er ute blant folk er det tydeleg at noko har skjedd, meiner ordførar i Lindås kommune, Astrid Aarhus Byrknes frå KrF.

Ho trur lensmannen kan ha rett i at det har skjedd ei oppvakning blant innbyggarane.

– Det var ikkje vegstandarden, det var ikkje farten, men rusen som tok liv. Folk har fortald om ei uro for utviklinga, seier ordføraren.

– Det hjelper ikkje om du angrar


For Gudmund Osmundsen hjelper det lite om dei to tragiske ulukkene har gjort jobben enklare for politiet. Han har ei klar melding til alle som vurderer å setta seg bak rattet i rusa tilstand.

– La vera, det er ikkje verdt det. Det hjelper ingen at ein angrar eller er uheldig når ein forårsakar noko slikt. Dei som køyrer når dei er rusa har ingen respekt for andre sine liv.