Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier det er viktig å få verna området fordi det har uvanleg store variasjonar i landskapet og vegetasjonen som er viktig å ta vare på for ettertida.
Det er fylkesmennene i Sogn og Fjordane og Oppland som har sett i gang vernearbeidet. Utgreiingsområdet er på 1800 kvadratkilometer og omfattar område i kommunane Lom, Skjåk og Luster. I Luster gjeld dette Mørkridsdalen, men Yndedal seier at dagens bruk i all hovudsak skal kunne halde fram, sjølv med eit vern.
Verneplanarbeid er ein omstendeleg prosess, og Yndesdal reknar ikkje med at dei er ferdige før i 2010.