No må både dagleg leiar og styreleiar i Sunnfjord Dykkerservice AS, som har 13 tilsette, svare for fleire brot på Arbeidsmiljølova og dykkarføreskriftene.
I tillegg har verksemda fått bot på førebels ukjend storleik etter dødsulukka 19. desember 2012.
– Vi er ikkje kjende med innhaldet i tiltalane, og kan av den grunn ikkje kommentere den, seier styreleiar sin advokat, Paul-Inge Angelshaug, til NRK.no.
NRK har snakka med både styreleiar og dagleg leiar, men ingen av dei vil kommentera saka.
For lita gassflaske
Med sjølvforsynt dykkarutstyr skulle dykkaren hente opp ei vakumpumpe frå havbotnen då ulukka skjedde. Dykket til 28 meters djupne
.Pustegassflaska som skal ha ein kapasitet på minimum 1.400 liter, hadde mellom 1.200 og 1.300 liter luft på flaska. Dette var for lite.
Etter kring 20 minuttar gjekk dykkaren tom for luft,
.Forsøkte gjenoppliving
Mannen vart henta på land av to arbeidskollegaer før helsepersonell kom fram. Gjennopplivingsforsøk førte ikkje fram og 24-åringen vart etter kort tid konstatert omkomen.
Både Arbeidstilsynet og politiet vart kopla inn i saka og under etteforskinga fann politiet fleire punkt som no har resultert i ein 12 sider lang tiltale både mot dagleg leiar og styreleiar i dykkarselskapet.
Hadde ikkje livline
I tiltalen kjem det fram at dykkaren ikkje hadde livline under dykkinga. Det var heller ikkje nytta talekommunikasjon til overflata og dykkaren hadde heller ikkje reserveutløysar montert på utstyret.
Denne varslar dykkaren når gassflaska når eit minimumstrykk.
Det var heller ikkje separat gassflaske med minimum 12 liter gass på oppstigingsvesten.
Reservedykkar var indisponert
Under dykking skal arbeidsgjevar ifølgje dykkarføreskrifta utpeike ein reservedykkar, som skal vere kvalifisert for dykkaropperasjonen.
Men reservedykkaren under det fatale dykket i Hyllestad hadde ikkje dykkarutstyret på og var indisponert for å gjere redningsdykk grunna fare for trykkfallssjuke etter fem dykk tidlegare på dagen.
Vedkommande hadde heller ikkje dykkarsertifikat klasse 1.
Manglande rutinar
Både dagleg leiar og styreleiar er no tiltalte for å ikkje ha sytt for tilstrekkelege rutinar i verksemda. Politiet fann også brot på føreskriftene i tida før dødsulukka.
Den omkomne dykkaren gjennomførte i tida før det fatale dykket kring 20 dykk med sjølvforsynt apparat, utan å gjennomføre dekompresjonsstopp etter norske dykkar- og behandlingstabellar.
Fram til 19. desember meiner politiet også å kunne bevise at dykkarar jamleg dykka djupare enn 30 meter, og utførte dykk der dekompresjon skulle vore gjort utan at det var tilgjengeleg overflatetrykkammer på arbeidsplassen.
Kontakta ikkje lege
Politiet har ikkje funne at verksemda har utarbeidd tilstrekkelege naudprosedyrar eller gjennomført øvingar i naudprosedyrar. Det var heller ingen beredskapsplan og regelmessige øvingar.
I forkant av det aktuelle dykket 19. desember var det ikkje etablert kontakt med lege som kan føreskrive behandling og ved behov rykke ut til dykkstaden.
I tida fram til ulukka var det heller ikkje rutinar for føring av loggbok eller personlege dykkarloggbøker. Ein dykkar gjennomførde også jamlege dykk utan å ha dykkarsertifikat klasse 1, og det var heller ikkje verneombod.
Saka er beramma til Fjordane tingrett 7. til 10. oktober. I tiltalen tek påtalemakta høgde for å krevje erstatning til dei etterlatne til den litauiske mannen.