Hopp til innhold

Vêrfast på sjuande døgnet

Hunden Leon frå Oldedalen i Stryn sitt vêrfast på ei fjellhylle etter å ha flykta frå høglytte nyttårsrakettar om ettermiddagen 31. desember.

Leon

Leon er nesten 80 cm høg i skulderhøgde, og veg 50 kilo

Foto: Hilde Dalos Aune

Pyreneerhunden var i hagen då ein nyttårsrakett small like ved. Hunden vart skremd og sprang i full fart over ein meterhøg port, og forsvann.

- Av og til har vi høyrt bjeff, men på grunn av ekkoet i fjella har det vore vanskeleg å finne ut kvar hunden er, seier matmor Liv Verhaug til Dagbladet.no.

HØYR: Hund fast på fjellhylle

Ho har saman med ektemannen og fire andre frå bygda leitt etter Leon kvar dag. Men torsdag vart Leon observert på ei fjellhylle.

- Hylla ligg 400-500 meter over havet. Ingen skjønar korleis Leon har kome seg dit. Har han falle ned dit, må det ha vore et veldig stygt fall, fortel ho.

For dårleg vêr til å kome seg fram

Men skrenten under fjellhylla er for bratt til at nokon når fram. Snø og is har dessutan gjort det umogleg å ta seg fram via ein sti til toppen av fjellet.

To klatrekyndige personar har sagt dei kan hjelpe til, men laurdag var det så kraftig vind at dei måtte gi opp.

- Eg vet ikkje kor lenge Leon kan klare seg. Han har ei lita hole han kan ligge i le for vinden i, og han får i seg drikke ved å ete snø. Men noko mat har nok ikkje Leon fått sidan han sprang heimefrå, seier Verhaug.

Prøver på nytt tysdag

Måndag føremiddag gav hunden framleis livsteikn frå seg. Vêret har roa seg, men klatrarane er opptekne på anna hald og kan ikkje hjelpe til i dag.

Liv Verhaug seier ho er svært takksamd for all hjelp ho har fått av bygdefolket.

- Han er som eit familiemedlem. Får vi han ikkje ned, veit eg ikkje kva eg kjem til å gjere, seier ho.

Stort engasjement

Hilde Dalos Aune er oppdrettaren til Leon. Ho seier ho aldri før har opplevd eit slik engasjement frå hundemiljøet.

- Eg har fått telefonar, tekstmeldingar og epost frå heile Skandinavia frå folk som engasjerer seg. Dei lurer mellom anna på om det ikkje er mogleg å bruke helikopter for å få Leon ned att, seier ho.