Hopp til innhold

Ver budd på mange kontrollar framover

Politiet vil dei neste to vekene rette fokus mot skulevegen. – Det blir kontrollar i alle kommunar, og mange vil truleg oppleve fleire kontrollar.

Trafikkontroll

ILLUSTRASJON: Både lokalt politi og Utrykkingspolitiet held denne og neste veke eit ekstra godt auge med trafikken på skulevegane i fylket.

Foto: Petter Larsson / NRK

Lovnaden kjem frå Trond Hatlenes, trafikkoordinator hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Måndag starta skulane og politiet gjennomførte sine sju første, av mange, trafikkontrollar dei kommande to vekene.

– Det er mange som byrjar på skulen, og mange seksåringar som ikkje kan skulevegen sin. Dei har ei anna trafikkforståing enn oss vaksne, og er uføreseielege. Difor er lokalt politi og Up ute for å sikre våre nye små ein trygg skuleveg, seier Hatlenes.

Lågpromille i Luster

Medan bilistane gjekk gjennom kontrollen utan reaksjonar fleire stadar, vart det i alt åtte reaksjonar under Up sin kontroll ved Slåtten skule i Førde.

Trafikkoordinator, Trond Hatlenes, hos Sogn og Fjordane politidistrikt

KONTROLLAR: Trafikkoordinator Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier det blir mange kontrollar på skulevegane dei neste to vekene.

Foto: Politiet

I Luster vart ein mann i 40-åra meldt for promillekøyring. Mannen hadde eit barn i bilen.

– Han var over lovleg grense då han vart stogga, men var under då han blåste på nytt. Det var snakk om dagen deretter-promille, seier Svein Inge Harberg ved Luster lensmannskontor og oppmodar om å la bilen stå om ein har drukke kvelden før.

Gode råd på vegen

Ved operasjonssentralen i Florø har Hatlenes fleire oppmodingar til trafikantane. Eine er å gi borna sine trafikkvest før ein sender dei ut på skulevegen og ikkje minst å sikre både seg sjølv og borna om ein køyrer.

Hekker og busker skal kuttes til 50 cm ved parkeringsplasser og utkjørsler.

FRI SIKT: Små born blir lett usynlege bak store hekkar og busker. No ber Trygg Trafikk folk stusse hekkane i samband med skulestart.

Foto: Anne Ognedal / NRK

– Vi oppmodar foreldre til helst å følgje dei gåande. Men må ein køyre, så ver ute i god tid, parker eit stykke unna og følg borna på det som blir borna si faste rute til skulen slik at borna blir kjende med vegen, seier han og legg til:

– Trafikantar elles må senke farten, løfte blikket, sjå framover, planlegg køyringa og ver merksam på eventuelle faremoment som dukkar opp.

Lovpålagt stuss

Distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk oppmodar grunneigarar til å gjennomføre ein lovpålagd stuss av høge hekkar langs skulevegen.

Han minner om at ein ifølgje lova skal ha minst 20 meter sikt i kvar retning av gang- og sykkelveg når ein står fire meter inne i avkøyrsla. Hekk og gjerde skal ikkje vere høgare enn 50 centimeter ved avkøyrsla.

– Vi ynskjer at flest mogleg skal gå og sykle. Då må det leggast til rette for at det kan skje på ein sikker måte. Born må vere synlege langs vegane, seier Heggestad.

Denne oppmodinga stiller også Hatlenes seg bak.

– Det vil alltid vere ein fordel med ein velstelt hekk som ikkje er for høg. Små barn vil ikkje vise bak hekkar, seier han.