Hopp til innhold

Ventar på varmesøkjande kamera

Det er framleis ingen spor etter engelskmannen som er sakna i Luster. No ventar leitemannskapa på eit varmesøkjande kamera.

Leiteaksjon etter sakna engelsk turist i Fortun, Luster

INGEN SPOR: Det har blitt leita etter mannen sidan i går kveld, men det er ikkje sett spor av han.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Mannen var på fjelltur i området ved Fuglesteg i Fortun i Luster saman med fleire andre torsdag. Han bestemte seg for å gå ned att åleine, men då han ikkje var komen tilbake vart han meld sakna klokka 21.30 i går kveld.

Mannskap frå både Røde Kors, Norske Redningshunder, politi, luftambulanse, Jostedalen alpine redningsgruppe og Sivilforsvaret er involvert i leiteaksjonen.

No ventar politiet på eit nytt verktøy i søket etter mannen.

– Politiet ventar at eit Seaking-helikopter skal kome med eit varmesøkjande kamera. Då vil dei forhåpentlegvis få leita på ein litt betre måte, seier NRK-reporter Stine Kyrkjebø Johansen som er på staden.

Det er venta at helikopteret vil kome til søksområdet ved 11.30-tida.

Ikkje signal på mobilen

Mellom 30 og 40 personar er no ute i terrenget og leitar etter mannen. Søksområdet er vanskeleg med mykje bratt og ulendt terreng. Det er også tett vegetasjon i området og det har difor vore vanskeleg for mannskapa i luftambulansen å sjå noko frå lufta.

Politiet har også gjort forsøk på å spore opp mobiltelefonen til engelskmannen, utan hell. Dette betyr at den truleg er slått av.

NRK oppdaterer saka