Ventar folkefest på ny bysti

På laurdag arrangerast motbakkeløpet Førde Opp for første gong på den nye bystien. Då skal over 1000 menneske slite seg 700 høgdemeter opp til toppen av Hafstadfjellet.

Frå sentrum i Førde går dei bratte bakkane rett opp, og den nye stien er alt blitt veldig populær sjølv om den enno ikkje er ferdig.

Stien snor seg opp det 706 meter høge Hafstadfjellet i om lag tre kilometer. På det brattaste er det opp mot 35 graders helling.

Hardt og bratt

Siv Holme

TESTAR LØYPA: Siv Holme tykkjer det er ein fin tur, sjølv om det er hardt og bratt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Siv Holme er ei av mange som prøvar løypa før laurdagen. Med tunge skritt kjempar ho seg opp dei 180 trappetrinna i starten av bakken.

– Det er hardt og bratt, men det er ein fin tur, seier ho.

Bakkane er bratte, svetten silar, og kanskje freistar det å gje opp halvvegs. Då er det godt at personleg trenar ved Puls, Eirik Flatjord, har nokre tips til korleis ein kan overleva.

– Det er lurt å prøve løypa før laurdagen, slik at ein veit kva som ventar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Førde har fått sin eigen bysti. Frå sentrum går dei bratte bakkane rett opp, og den er alt blitt veldig populær sjølv om den enno ikkje er ferdig.

SJÅ TV-SAKA: Førde har fått sin eigen bysti. Frå sentrum går dei bratte bakkane rett opp, og den er alt blitt veldig populær sjølv om den enno ikkje er ferdig.

Trur på mental trening

Bystien i Førde

STARTEN: 180 trappetrinn er starten på det som allereie har blitt ei populær turløype.

Foto: Tale Høyem / NRK

Anne-Mette Hjelle skal gå i mosjonsklassa. Ho har ikkje fått seg så mange turar opp bystien som ho skulle ønskja, og satsar no på mental trening.

– Eg har tenkt mykje på mental trening. Eg skal vere med og gå så langt eg kan. Blir eg sliten, skal eg stoppe og heie på dei som spring forbi. Det er viktig å ha det gøy.

Og ifølgje Eirik Flatjord har ho rett taktikk før løpet.

– Du må kjenne deg sjølv og ikkje starte for hardt. Skal ein gå på best mogleg tid, bør ein ha trent ein del i bakkar og prøvd stien. Det er viktig å disponerer løpet, slik at du ikkje går på ein smell.

Men konkurransen, den er ikkje så viktig for dei spreke damene.

– Nei, ikkje i det heile teke. Tida spelar ingen rolle, seie Siv Holme.

Folkefest

Dagleg ansvarleg for Førde Opp, Tom Farsund, trur på folkefest laurdag.

– Vi har over 800 påmelde til no, og det blir nok over 1000 som stiller til start på laurdag. Det er meldt om brukbart ver og vi har mange aktivitetar i området. No gler eg meg veldig, seier han.

Sjå biletgalleri på nrk.no/sf etter løpet på laurdag.