Hopp til innhold

Vent deg bitande kald start på 2010

Bu deg på ein kald avslutning på 2009, og ein frykteleg kald start på det nye året. Kong Vinter har for alvor festa grep...

Byrkjelo om natta

Byrkjelo er mellom fleire stadar som kan bu seg på svært kalde dagar framover. Vertenesta yr.no varslar 22 kuldegradar på laurdag.

Foto: Ellen Elisabeth Bye

Med temperaturar under 20 minusgrader, vil enkelte stadar i fylket få eit kaldt møte med det nye året.

- Det har vore kaldt ei stund no, og det blir kaldare framover. Men det har nok vore kaldare enkeltdagar, seier vakthavande meteorolog Johanne Bua Algerøy ved Meteorologisk institutt i Bergen.

Klarver og iskaldt

Folkehelsa fryktar den venta sprengkulda kan ta liv , og meteorologane oppmodar folk til å kle seg godt i dagane som kjem. For frålandsvinden som no pregar Norge, kan føre kvikksølvet ned på 20 minusgrader dei neste ti dagane i Sogn og Fjordane. Vertenesta yr.no varslar under 20 minusgrader fleire stadar.

- Laurdag ser det ut til å bli heilt klarver, og spesielt på kvelden vil det bli kaldt. Enkelte stadar ned mot minus 20 grader, og under fem på kysten, fortel Bua Algerøy.

Under 20 minusgrader

Etter nokre "varmare" dagar søndag, måndag og tysdag, fortel prognosane om ein ny kuldeperiode.

- Desse dagane blir det kanskje rett over null på kysten, og på rett side av minus ti på det kaldaste. Men frå onsdag av kan det fort bli ned mot 20 kuldegrader att, seier Bua Algerøy.