Hopp til innhold

Her hoppar dei tøffaste i Sognefjorden

Dei eig ikkje mykje frykt i livet, karane som kasta seg utfor liften for å «dødse» i Sognefjorden i helga.

Dampskipskaien Open

FRYKTLAUS: Dei frykta korkje store høgder eller kaldt vatn, hardhausane på Dampskipskaien Open.

Foto: Stein Magne Os

I helga vart Fjell- og fjordmoro arrangert i Sogndal. Målet med festivalen har vore å syne kvalitetane som naturen i Sogndals-regionen har å by på, både for fastbuande og tilreisande.

Fleire av aktivitetane fann stad i Sogndal sentrum, mellom anna den såkalla «dødsinga».

Kjapt fortalt er «dødsing» å hoppe frå minst ti meter, gjere akrobatikk på vegen ned, og halde stillinga for nesten mageplask, før ein krøllar seg i hop i det ein treffer vassflata.

(Artikkelen held fram under videoen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nær 500 publikummarar

Utøvarane får karakterar både for stil og svev.

– Dødsekonkurransen og Dampskipskaien Open var nok dei arrangementa som hadde flest publikummarar. Vi talde mellom 400 og 500 på det beste, og det er enormt bra, seier festivalsjef Odd-Eivind Holo.

Trass i at vêret har vore tidvis både surt, vått og kaldt, har det ikkje lagt nokon dempar på stemninga.

– Klatringa måtte vi flytte innandørs, men det var ikkje noko stort problem. Folk har vore flinke til å stille opp, og dei forskjellige aktivitetane har vore godt besøkt, seier Holo.

(Artikkelen held fram under videoen)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Lokale våghalsar kasta seg utpå

Mellom anna har folk fått prøve seg på skikkeleg terrengsykling med proffe syklar på Kaupanger, og i Damskipskaien Open tok mange lokale utøvarar sjansen og bykste bokstavleg talt på fjorden med tilløp både på rulleski og sykkel.

– I tillegg har det vore mellom 200 og 300 personar til stades begge Fjellsportkveldane, og det er storveges, seier Holo.

Han har førebels ikkje noko oversikt over økonomien i festivalen, men understrekar at dette ikkje er eit arrangement dei held for å tene pengar.

– For det første er dette eit oppstartsår. Men vi satsar på at Bratt Moro ikkje skal bruke så mykje pengar. Det er ikkje primært for å tene pengar, men for å få aktivitet i bygda, seier Holo.