Luksus, mykje folk og eit oppjaga liv har aldri vore noko for ekteparet Kleppe. Dei har hus i nabobygda Ortnevik, men vel i staden å bu store delar av året på veglause Vetlesand. Her har dei bringebær for sal, og lever elles på mykje av det dei sjølve dyrkar og fangar.
– Vi likar å lage vår eigen mat frå råvarene her inne, fortel Per Kleppe.
Lagar fiskekaker og pølser
Poteter og grønsaker er i jorda, og matfisken hentar dei frå Sognefjorden. Sjølvlaga fiskekaker og fiskebollar står ofte på menyen. Det same gjer pølser av kjøt frå jakt. Dei har også eige gardsmuseum med gjenstandar attende frå 1860-åra då tippoldeforeldra til Per kjøpte garden.
Tok over etter Amerika-emigrantar
Per sine tippoldeforeldre tok over etter ein brukar som emigrerte til USA. 1860-åra var tidsperioden då flest nordmenn la på veg over Atlanterhavet. Få område hadde sterkare utvandring enn indre Sogn, der Vetlesand høyrer til.
– Absolutt alle på Vetlesand og buplassane rundt her emigrerte til Amerika på 1860-talet, fortel Per.
Karrige kår
Han trur vanskelege kår er årsaka til at så mange reiste.
– Det var vanskeleg her. Då tippoldefaren min kom hit, hadde dei ikkje anna enn kort ljå fordi det ikkje var terreng til noko anna. Det som heldt liv i forfedrane mine var at dei hadde pelsdyr. Det hadde dei heilt fram til andre verdskrig starta, seier Per.
– De har langt på veg naturalhushald her. Kvifor?
– Vi har vore vande med å klare oss sjølve på slike plassar, og det har vi halde fram med. Vi trivst best slik.
– Du lengtar ikkje etter naboar og fleire folk?
– Nei, eg kan vere heilt åleine i lengre periodar. Har eg behov for på snakke med nokon, kan eg snakke med meg sjølv, seier Per og ler godt.
Har alltid noko å gjere
Kona Eirin kjem opphavleg frå Ytre Arne ved Bergen og er vand med meir folk rundt seg. Men heller ikkje ho lengtar etter meir urbane strok.
– Her har vi det godt. Vi har alltid noko meiningsfullt å drive med og kjedar oss ikkje. Om somrane har vi mykje besøk av dei tre barna og alle barnebarna våre. Då er det full fart, seier ho.
Eirin og Per sel årleg om lag to tonn bringebær. Dei sel også tørrhøy. I den mest hektiske perioden får dei hjelp til bærplukking av ein mann frå Polen.