Hopp til innhold

60 personar er isolerte etter steinras i Gaular

12 skuleelvevar og ei heil bygd i Gaular må bu seg båt-skyss fleire veker framover etter at 25 meter av fylkesveg 391 rasa i fjorden i dag tidleg.

Video Veg rasa ut- 60 personar isolerte

SJÅ VIDEO: 11 meter av vegen har rasa ut mellom Sunde og Hestad i Gaular.

Nær 60 personar er isolerte etter at vegen forsvann. Politiet fekk melding om raset like før klokka 07 i dag tidleg. Dei trur ikkje folk eller bilistar er tekne av raset.

Det er vegstrekninga mellom Sunde og Hestad på nordsida av Dalsfjorden i Gaular som er råka.

– Eit veldig stort stykke av fjellet under vegen har rasa ut. Sjølve vegen er ramla ut og rekkverket heng i lause lufta, fortel Turid Håheim Hestad som er ei av dei isolerte.

Isolert bygd

Ras på fylkesveg 391 i Gaular
Foto: Odne Laukeland

Ho fortel at det bur om lag 60 personar i bygda, og at dei ikkje kjem seg derfrå med bil.

– Bygda er isloert frå Hestad og ut til Laukeland. Det ligg ein båt på sjøen her som kan lose forbi folk, fortel ho.

Politiet reknar det som svært lite sannsynleg at bilar eller folk er tekne i raset.

– Vi har heller ingen meldingar om at folk er sakna i området, opplyser operasjonsleiar hos politiet Hans Petter Harlem.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stengd i fleire veker

Det er svært bratt på staden og det er uvisst kor lenge vegen vil vere stengd.

Ifølgje rådmann i Gaular, Helge Følid, kan ta lang tid.

– Etter det eg har fått opplyst i dag, så reknar eg med at vegen vil vere stengd i fleire veker, seier han.

Han fortel også at Vegvesenet arbeider for å få til ei båtrute, og at dette vil bli bestemt ganske fort. Fleire skuleelevar er blant dei som kan vente seg båtskyss framover.

– Eg har ikkje talet på personar dette har gjeld for, men eg har fått opplyst at det skal vere 12 personar. Dette er både skuleelevar og nokre som skal i barnehage, seier Følid.

Set inn skyssbåt

Vegvesenet opplyser at det går skyssbåt mellom Standnes og Bygstad. Frå Standnes går denne klokka 11.30 og 15.30, frå Bygstad klokka 13 og 18.

I tillegg blir det sett opp ein båt som kan frakte bilar klokka 14 i dag. Det vil bli plass til tp personbilar om gongen. Båten fraktar bilar frå Standnes og over fjorden så lenge det er behov i dag.

Teknisk sjef i Gaular kommune, Kjell Navelsaker, seier dei vil oppdatere heimesida til kommunen med informasjon om rutetider.

Vurderer tunnel

Om vegvesenet skal gjere dei utbetringane dei meiner er naudsynt, kan det bli stengd enda lenger.

– Enn så lenge er vi veldig usikre. Det er fjellet som har rasa ut, og det er ei opning der på 25 meter. Det er snakk om både tunnel og bøylebru om det er mogleg å få lagt over det, seier prosjektleiar i Vegvesenet, Lars Karlsen.

– Så det kan bli skikkelig langtidsstengd?

– Slik det ser ut no, kan det bli langtidsstengd, ja.

Veit ikkje kvifor vegen rasa

Det var lokale personar som melde frå, og dei hadde sikra staden då politiet kom fram like før klokka 08.

– Det er 11 meter av vegfundametet som er rasa ut, og omlag ein meter køyrebane står att. Autovernet heng ut for vegen, fortalde operasjonsleiar Harlem.

Utsklidinga har truleg skjedd i løpet av natta eller i morgontimane laurdag. Årsaka til kvifor vegen har rasa ut, er framleis ikkje klar.

Harlem opplyser at vegentreprenør er på veg til staden, for å undersøkje korleis dette kan ha skjedd. Harlem trur det vil ta lang tid før vegen kan opne.

– Det vil vere ei utfordring å få retta opp i skadene, seier han.

Både politi og mannskap frå vegvesenet er på plass.

Har du tips i denne saka? Ring NRK på 5772 4242.