Hopp til innhold

Vatn og velta tre har skapt problem på vegane

Statens vegvesen melder om mykje vatn på vegane i natt. I tillegg har tre falle over vegbana fleire stader.

Søndag kveld var det kraftig vind over heile Hordaland, noko dei som bevegde seg utandørs fekk merka.

– Blant anna på Florvåg på Askøy har det vore mykje vatn i vegen. Det var opp mot 50 centimeter vatn fleire stader. Dette skapte store problem for dei som var ute å køyrde, seier Tore Tysse i Vegtrafikksentralen.

Laster Twitter-innhold

Også i Haukelandstunnelen, på Tertnes og andre stadar i Åsane var det meldt om store mengder med vatn.

Men god bemanning gjorde at ting vart retta opp i fort.

– Me har heldigvis hatt nok av folk ute, slik at ting har blitt rydda opp raskt. Me har unngått stengte vegar dei fleste plassar, seier Tysse.

FV 137 var stengt i heile natt

Ei straumlinje tok med seg eit tre og fall ned i vegbana i Hegglandsdalvegen v/Bratlandssvingene klokka 23.40 søndag kveld.

Vegen var stengt heilt fram til 05.30 måndag morgon.

– BKK jobba i natt med med å få opp att straumlinja på staden, seier Tore Tysse i Statens vegvesen.

Laster Twitter-innhold