Hopp til innhold

Varmerekordar i Lærdal og Stryn

Søndag vart det målt 23,8 grader i Lærdal og 23,5 grader i Stryn. Begge målingane er september-rekord.

Haust ved Hjelle i Oppstryn

VARM HAUST I STRYN: Dette biletet er teke på Hjelle i Oppstryn. Arkivfoto.

Foto: Ragnar Arne Gjørven

Rett nok har målestasjonen i Lærdal vore i drift i berre fem år, og stasjonen i Stryn i ti år, så det kan nok hende at det har vore varmare septemberdagar tidlegare i historia på begge stadene.

– Men uansett var det svært varmt til å vere 8. september, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen.

Og ho lovar at vi får sjå og kjenne sommarlege temperaturar i nokre dagar til.

– Vi ligg i ei fin lomme med varmluft som gjer at vi får gode temperaturar dei første fire dagane, men hausten kjem nok tilbake når vi nærmar oss helga.

Haust i Lærdal

VARMT I LÆRDAL OGSÅ: I Lærdal vart det målt 23,8 grader. Arkivfoto.

Foto: Jan Christian Jerving