Men 41-åringen erkjente likevel ikkje straffeskuld under fengslingsmøtet i Sunnfjord tingrett i dag. Forsvarar Ivar Blikra seier DNA-funna ikkje beviser at 41-åringen drap Anne Slåtten i juni i år.
Kom inn med teppe over hovudet
Med eit teppe over hovudet kom den sikta 41-åringen til fengslingsmøtet i Sunnfjord tingrett klokka 13.00 fredag. Inne i salen venta både pressefolk, skuleelevar og andre interesserte. Rettssal nummer 1 var stappfull og 41-åringen var tydeleg prega av situasjonen. Han vart pågripen klokka 15.59 torsdag ettermiddag.
41-åringen erkjente ikkje straffeskuld under fengslingsmøtet, og samtykte heller ikkje i kravet om varetektsfengsling.
Til vitneavhøyr 22. september
Politiadvokat Sissel Kleiven la i retten ned påstand om fire veker varetektsfengsling med brev og besøksforbod. Ho kravde også at 41-åringen vart sett i delvis isolasjon for å hindre at han skulle kunne øydelegge bevis.
41-åringen var inne til vitneavhøyr hjå politiet 22. september i år. Då gav han også ein prøve som politiet sjekka mot DNA-spor som dei har sikra på drapsstaden i Angedalsvegen i Førde. Og torsdag fekk politiet melding om at prøven til 41-åringen stemte med den overflateprøva politiet har sikra seg.
Sterke DNA-spor
Politiet meiner DNA-funna er svært sterke og at dei har ei god sak. Også 41-åringen og hans forsvarar, advokat Ivar Blikra, vedgår at DNA-spora knyter han til åstaden og Anne Slåtten. Men dei meiner likevel DNA-spora ikkje beviser at han har teke livet av Anne Slåtten.
41-åringen har gitt to forklaringar til politiet, og han kan ikkje stadfeste om han var på drapsstaden den aktuelle natta, eller om han var i kontakt med Anne Slåtten den aktuelle kvelden og natta før drapet skjedde.
Politiet har fredag gjennomført ei ransaking av bustaden til 41-åringen. Der har dei gjort fleire beslag, mellom anna av klede. I tillegg er politiet no i gang med å avhøyre familien, vener og andre i omgangskrinsen til 41-åringen.
Fryktar bevis kan bli øydelagt
Grunngjevinga for at dei kravde fire veker varetektsfengsling er at dette arbeidet tek tid, og dei meiner 41-åringen kan øydelegge bevis dersom han ikkje blir varetektsfengsla.
Forsvararen til 41-åringen, advokat Ivar Blikra, meiner politiet har hatt heile fire månader til å etterforske saka, og at det ikkje er fare for at bevis skal kunne bli øydelagt. Han kravde fredag at 41-åringen umiddelbart vart sett fri.
41-åringen er sikta for forsettleg drap og han er no varetektsfengsla i fire veker med brev og besøksforbod.