Det er ein varebil som har kollidert med ein semitrailer på riksveg 5 ved Hornnes mellom Førde og Naustdal. Ulukka skjedde like aust for Hornnestunnelen.
Politiet fekk meldinga om lag 19.40. Føraren av varebilen er send til Førde sentralsjukehus med lettare skade, opplyser politiet. Varebilen fekk store materielle skadar.
Sjå video frå ulukkesstaden:
Riksveg 5 er mellombels stengd på grunn av ulukka, og det er lange køar i begge retningar.
Politiet opplyser klokka 22.05 at dei har sleppt forbi bilar, men at vegen vart heilt stengd igjen under arbeidet med å skilje trekkvogna frå hengaren. Dei reknar med at det blir opna for fri ferdsel når det er gjort. Klokka 22.35 melde politiet at vegen er open for fri ferdsel.
Svært glatt
Det er meldt om til dels svært glatte vegar i Førde-området på grunn av underkjølt regn, og NRK sin fotograf seier at det er svært glatt på ulukkesstaden..
På operasjonssentralen seier dei at det er glatt over heile fylket, men no er alle strøbilane ute for å gjere det tryggare å ta seg fram.