Hopp til innhold

Vann pris for jølsterauren

Jølsterauren er med i konkurransen om å bli beste norske råvare.

Finn Årdal vann pris for årets råvare i kategorien sjø.
Foto: Eline Buvarp Årdal / NRK

Det norske måltid er ein landsomfattande konkurranse der årets beste råvarer og produkt skal kårast.

Fylkesfinalen vart halden i Førde sentrum laurdag ettermiddag. Der vann Finn Årdal i Jølsterlia prisen for årets råvare i kategorien sjø.

Lagar rakfisk

Finn Årdal fekk prisen for aure frå Jølstravatnet.

- Det var utruleg kjekt med så god konkurranse av så mange matprodukt. Eg er stolt og overraska over at eg gjorde det så godt, seier Finn Årdal.

Han seier styrken til Jølsterlia er å behandle fisken på ein god måte, og bearbeidinga til rakfisk.

- Det fantastiske råstoffet vi har i jølsterauren er unikt i landssamanheng, seier Årdal.

- Korleis ser du på sjansane i ein landskonkurranse?

- Det blir spanande å sjå korleis det går. Konkurransen er rimeleg tøff, så vi får sjå kva vi får ut av det, seier han.

I tillegg fekk Årdal ein designpakke frå Innovasjon Norge. Med designpakken trur han det kan bli endå enklare å selje produktet for ein god pris i butikkane.

Pris til geitekjøtt

Årets råvare i kategorien land gjekk til Kandal kjøtt.

Matprodusenten held til i Kandal i Gloppen kommune og driv med foredling av geitekjøt og kjekjøt.

Årets produkt i fylket vart geitosten som vert produsert ved Undredal støylsysteri i Aurland.

Samtlege tre småskalaprodusentar går vidare til landsfinalen i Stavanger 30. oktober.