Hopp til innhold

Vald, fyrverkeri og eggkasting på Halloween: Gav skarp ammunisjon til niåring

Fleire stader rundt om kring i landet melder politiet om Halloween-feiringar med meir knep enn knask.

Patronar funne i godtpose i Troms

PATRONER: Patronene som Aileen Bjerkan fann i godteposen til stesonen sin er av typen .22 kaliber.

Foto: Privat

– Eg blei ganske sjokkert då eg såg i godtposen til ungen, seier Aileen Bjerkan.

Sundag kveld følgde Bjerkan sin ni år gamle steson med på «knask eller knep» i Tønsvika i Tromsø kommune.

Ved eit av husa dei stoppa ved, stakk ein mann handa heilt ned i godteposen før han slapp det han hadde i handa.

Bjerkan syntest det var litt merkeleg.

– Eg tenkte «OK, dette må me nok sjekka», seier ho.

Då dei kom heim fann ho fyrst tre patroner i godtposen, før ho ringde politiet.

Etterpå talde ho meir nøye over, og fann totalt 23 skarpe patroner i .22 kaliber.

Nordlys skreiv om saka fyrst.

Til avisa opplyser politiet at mannen no sit i arresten.

Hektisk kveld for politiet i Bergen

Politiet i Bergen anslår at dei har fått 15–20 meldingar om Halloween-feiringar som har gått over styr.

– Det har vore ein ganske travel kveld, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen.

Kring 18.00 ringde ein gutegjeng i 13-14-årsalderen i Fana politiet etter å ha blitt utsett for vald, skriv BA. Gutane skal ha fått lov til å ta to stykk godteri, men ein av dei tok tre. Mannen i huset skal ha rive ein gut i håret og lagt han eller ein annan gut i bakken.

– Den konflikten ser ut til å vera løyst no. Den vaksne parten har erkjent at det har gått litt for langt. Det er ikkje nokon som ynskjer å forfølgja no, seier Dahl-Michelsen.

– For mykje knep og for lite knask

Like før klokka åtte fekk politiet melding om at ein sykkel var blitt kasta frå ei bru i Fyllingsdalen. Ein person vart nesten treft av sykkelen.

I Fyllingsdalen skal det og ha blitt gjort skadeverk mot kjøpesenteret Oasen, samt oppskyting av fyrverkeri.

21.29 fekk politiet melding om at ein ungdom hadde blitt utsett for vald i området ved Rothaugen skole.

Ein halvtime seinare meldte politiet at dei var på jakt etter ungdommar på Skjold, då dei mistenkte at det var blitt skote fyrverkeri mot Bybanen.

– Det pleier alltid å bli litt på desse dagane. Litt tull og spøkar er greitt, men det er kanskje dratt litt for langt.

– Det har vore for mykje knep og for lite knask, det er korrekt samanfatta, seier Dahl-Michelsen.

Kasta egg på personar, bilar og hus

Politiet i Agder meldte søndag kveld at dei hadde fått inn fleire meldingar om ungdomar som kastar egg på personar, bilar og hus.

Politiet opplyser at dei ikkje hadde kapasitet til å rykka ut på nokon av oppdraga.

Politiet i Oslo har fått inn meldingar om det same.

– Me er på Bøler der ungdomar har kasta egg på bilar som køyrde forbi. Me har fått peikt ut nokon gutar som me har kontroll på, meldte dei på Twitter tidlegare i kveld.

Kort tid etter blei det også kasta egg etter ein politibil. Politiet fekk tak i vedkomande og «tar ein alvorsprat».

I Drammen har det kome inn fleire meldingar om brann i bosspann. Politiet har meldt at dei har kontroll på alle.