Hopp til innhold

Vakna av røyk på soverommet

Anwar Molla Heidar Gohl er glad han kom seg ut frå det brennande hybelhuset i live.

Lensmann Nils Ove Roset og Anwar Molla Heidar Gohl

UROA FOR NABOANE: Anwar Molla Heidar Gohl (t.h.) tenkjer mykje på naboane sine etter brannen på Sandane natt til tysdag. Her er han saman med lensmann Nils Ove Roset.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ein 14 år gammal gut er stadfesta omkommen, og ei 16 år gammal jente er send til sjukehus med skader etter brannen som braut i eit hybelhus på Sandane natt til tysdag.

- Eg vakna av at det var mykje røyk på soverommet mitt. I gangen var det endå meir røyk. Eg kom meg ut på balkongen, og der fekk eg hjelp til å komme meg ned, fortel Anwar Molla Heidar Gohl.

Han er ein av dei mange bebuarane i hybelhuset som vart evakuert natt til tysdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i hybelhus på Sandane

MÅTTE EVAKUERE: Slik ser det ut på staden etter brannen natt til tysdag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sende til sjukehus etter brannen

Anwar Molla Heidar Gohl fortel om kaotiske og dramatiske tilstandar etter at brannen braut ut.

- Naboen min skreik om hjelp, og vi greidde å få ho ut saman med sonen min, seier han.

Han kjenner godt til familien som no har mist ein son. Resten av familien er på sjukehuset i Førde. To andre bebuarar er sende til sjukehus på Nordfjordeid for ein sjekk.

Tenkjer berre på naboane sine

Resten av bebuarane er i føremiddagstimane samla på Gloppen Hotell.

Politiet fekk melding om brannen klokka 01.54 natt til tysdag. Brannen var under kontroll om lag klokka 03.00.

Det er førebels ikkje klart korleis det byrja å brenne i huset. Politiet har bede Kripos om hjelp til å finne ut av saka.

- No er vi berre opptekne av kva som skjer med naboane våre vidare, seier Anwar Molla Heidar Gohl.

Evakuerte hybelhuset
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK