Hopp til innhold

Vakna av innbrot - tok opp jakta

Midt på natta vakna Tomas Haugen av at det singla i glas. I berre boxeren tok han opp jakta på innbrotstjuvane.

Tomas Haugen

JAKTA PÅ TJUVANE: Tomas Haugen sprang ut i berre boxeren, og tok opp jakta på innrbotstjuvane i Instefjord.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

- Eg hoppa ut av senga i berre boxeren, og sette bånn gass ut døra. Då såg eg nokre folk som sprang opp nabohagen, og eg ropte på både norsk og engelsk at no skulle eg komme og ta dei, fortel Tomas Haugen.

Han fekk natt til onsdag besøk av innbrotstjuvar på heimstaden sin i Instefjord i Gulen kommune. Tjuvane tok seg inn i to bustader ved å knuse vindauge.

Såg to personar springe bort

Men då dei skulle prøve seg på huset til Tomas Haugen, vart tjuvane sjølve overraska av ein illsint bebuar...

- Eg var litt sein i seng, og vakna ved tre-tida av nokre rare lydar ute. Eg venta litt, og då høyrde eg ei rute som knuste, fortel Haugen.

Han sprang ut av senga og tok sjølv opp jakta på innbrotstjuvane. Då han kom i døra såg han to personar springe bort frå staden.

- Eg heiv meg i bilen, og køyrde rundt og såg etter tjuvane. Hos naboen hadde dei brote seg inn bakvindauget, seier han.

- Ikkje triveleg å tenkje på

Heime hos Haugen hadde tjuvane prøvd å komme seg inn i huset ved å skjære ut ruta i kjellaren. Planen var å opne vindauget frå innsida.

- Det er rimeleg tøft gjort av dei. Det er ingen heime hos naboane, men her står det bil utanfor og står lys på i huset. Folk søv i huset, seier Haugen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knust rute

KNUST RUTE: Slik såg det ut etter tjuvane sine herjingar i bustadhuset.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

- Eg hadde ein kompis på besøk, og mor mi låg og sov. Det er ikkje akkurat triveleg å tenkje på, seier han.

- Det er veldig ekkelt. Men eg er mest sint, eigentleg, seier Haugen.

Gøymde seg i eit skogholt

Politiet sende ut ei hundepatrulje då dei kom til staden, men tjuvane var ved 11.00-tida framleis ikkje spora opp.

Medan Haugen var ute og leitte med bil, har tjuvane etter alt å dømme gøymt seg i eit skogholt like ved.

- Kva tenkjer du om at det innbrot i fredelege Instefjord?

- Eg hadde jo ikkje akkurat rekna med dette. Vi bur ikkje i byen, seier Haugen.

- Føler du deg trygg om nattat?

- Nei. Det skal eg ærleg innrømme. Og mor mi var nesten vitskremd.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.