Hopp til innhold

Vågsøy-ordførar må svare for seg

Vågsøy Arbeidarparti skal ha oppvaskmøte i helga etter at ordførar Kristin Maurstad braut ein skriftleg avtale.

Ordførar Kristin Maurstad

FÅR KRITIKK FRÅ PARTIFELLER: Ordførar Kristin Maurstad (Ap) I Vågsøy.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ho får kritikk både av samarbeidspartia og sine eigne partifeller, etter at ho gjekk inn for å leggje ned Holvik skule.

For å bli ordførar underteikna ho ein avtale om at ho ikkje skulle leggje ned skular.

Skulen vart berga, men no er hennar politiske liv i uvisse. Tidlegare ordførar og partikollega Roger B. Silden (Ap) er kritisk.

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy.

KRITISK: Tidlegare ordførar Roger B. Silden (Ap) i Vågsøy.

Foto: NRK

– Frå min ståstad er det slik at når vi inngår ein skriftleg avtale så skal vi halde avtalen.

Roger B. Silden sat som ordførar for Vågsøy Arbeidarparti i ei årrekkje. No er han menig kommunstyremedlem. På møtet i førre veke vart han vitne til at den sitjande ordføraren Kristin Maurstad og gruppeleiar Frode Kupen braut med partiet og med ein avtale med samarbeidspartia.

Dei to gjekk saman med eit mindretal i kommunestyret inn for å leggje ned Holvik skule, stikk i strid med avtalen som gav Maurstad ordførarkjedet i haust. Kupen trekte seg som gruppeleiar i same møtet.

– Skaper politikarforakt


Ein av dei som er provoserte av ordførar Maurstad er gruppeleiar Betty Hessevik i Senterpartiet. Dei er nærmaste samarbeidsparti, og sit med varaordføraren.


– Det er ikkje greitt, det er ikkje bra for dei som er involverte til dagleg, både elevar, lærarar og andre. Og det er ikkje bra for synet generelt på politikarar. For det blir politikarforakt ut av at vi ikkje greier å stå for det vi har gjort.

– Men ordføraren seier at ho gjorde det av ansvar for kommunen som har dårleg økonomi og av samvitsgrunnar. Er ikkje det greitt?

– Det må ho svare for sjølv. Vi andre har ikkje fått beskjed om at Vågsøy kommune har spesielt dårleg økonomi. Vi gjekk i pluss i fjor, og vi veit at vi har god skatteinngang.

Men Hessevik seier at Sp ikkje er innstilt på å bryte samarbeidet med Ap.

– For oss er det veldig viktig å halde fram i den koalisjonen, for då får vi best gjennomslag for vår politikk. No er det lova bot og betring, så då håpar vi på det.

Holvik skule

STRIDENS EPLE: Holvik skule, som ordføraren gjekk inn for å legge ned, trass i ein skriftleg avtale om det motsette.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Har tillit til Maurstad


Søndag blir det både medlemsmøte, gruppemøte og styremøte i Vågsøy Arbeidarparti. Der skal dei finne ut om partiet har tillit til ordførar Maurstad og til avgått gruppeleiar Kupen, og om desse eventuelt skal få reaksjonar for å ha brote med partiet.

Fersk lokallagsleiar og fungerande gruppeleiar Tove Lill Refvik Volle skal leie dette oppvaskmøtet. Ho seier at ho personleg har tillit til Kristin Maurstad.

– Det er sterke reaksjonar som går begge vegar i partiet, og det er viktig at vi samlast og har fokus på det vi skal ha fokus på.

– Viktigare å føre ansvarleg politikk

Ordførar Kristin Maurstad seier ho røysta som ho gjorde på grunn av omsynet til økonomien til Vågsøy kommune.

– Eg ser at å røyste for eit framlegg som ikkje er økomomisk gjennomførbart utan å få problem, det kunne eg ikkje stå inne for. Eg må halde meg til heile Vågsøy kommune.

Du blir skulda for å skape politikarforakt sidan du ikkje heldt ein skriftleg avtale.

– Ja, eg registrerer det. Eg synest det er viktigare å føre ein ansvarleg politikk, og då må ein av og til ta avgjerder ut frå ny informasjon.

– Er det ansvarleg politikk å bryte ein skriftleg avtale?

– Nei, ideelt sett skal ein ikkje bryte skriftlege avtalar, men når ein blir overtydd politisk om at det er rett å røyste for noko av økonomiske og ansvarlege grunnar meiner eg at det må gå føre ein politisk avtale, seier ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy.