Politiet har no avslutta den væpna aksjonen i Florø etter eit søk gjennom heile bygget.
– Det har gått ein alarm i det gamle bankbygget vårt. Vi held på med å flytte over i nye lokale. Den lokale banksjefen er på staden, og det er ikkje noko som tyder på at det har skjedd noko innbrot, seier Trond Teigene, som er administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane
Banken er i ferd med å flytte over i nye lokale i Florø sentrum. Hadde det vore tjuvar som var på ferde, så ville dei ikkje fått med seg så mykje tjuvegods, meiner Teigene.
– Bygget er så godt som tomt. Viss det hadde vore innbrot, så ville dei ikkje fått med seg anna enn gamle kontorstolar, humrar han.
Teigene tok det heile med stor ro.
– Vi har ikkje hatt den offisielle opninga enda, så det det kan jo vere nokon som ikkje har fått med seg at vi er på flyttefot. Det er truleg snakk om ein feil.
Rykka ut med væpna mannskap
Vitne på staden kunne melde om tungt væpna politi i sentrum.
– Vi sat på Aroma kafé i sentrum, då tungt væpna politi storma inn for å sjekke lokalet under oss. Det stod væpna politifolk rundt alle hjørner her i gata, seier vitnet.
Politiet sin operasjonssentral i Florø opplyser til NRK at dei sendte ut mannskap på sju som var væpna. Politiet fekk meldinga gjennom alarmsentralen.
– Vi veit ikkje om dette er eit reelt innbrot, men vi sjekkar alle rom i bygget, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral, Trond Hatlenes.