Utover søndagen vil nokre klatrarar og geolog vurdere faren for nye ras.
– Dei har håp om å kunne opne vegen i dag, men det blir i så fall sein ettermiddag. Før ein får rydda sjølve raset må ein reinske lausmassar som ligg i terrenget, opplyser vaktoperatør Morten Hansen ved vegmeldingssentralen i Fyllingsdalen.
Fryktar nye ras
Eit reinskelag har både laurdag og søndag vore i rasområdet og reinska lausmasser frå terrenget der eit større steinras losna ved Ugla mellom Olden og Innvik.
Sleppområdet er kring 50 meter over vegbana.
- LES OGSÅ:
– Det låg mykje lausmassar i terrenget og geologen frykta det kunne komme ned meir, seier Hagen.
Nær tekne
Ingen personar vart skadde i raset som gjekk i 11-tida laurdag føremiddag. Men både Pål Westberg Langrind og kona hans, samt Bjarne Gjerde, var nærare enn dei skulle ynskt.
- LES OGSÅ:
Steinane dundra i vegbana
. Bak han kom ekteparet frå Oslo.– Mjølkebilen hadde akkurat kome seg igjennom, så kom steinblokka. Eg vil ikkje tenkje på kva som hadde skjedd om vi kom eitt sekund før, fortalde Westberg Langrind til NRK.no.