Hopp til innhold

Uvêr stengjer Sognefjellet

Vinteren er kome for fullt i høgfjellet. Måndag morgon var fylkesveg 55 over Sognefjellet stengd på grunn av uvêr.

Sognefjellshytta

STENGD: Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengd måndag på grunn av uvêr.

Foto: Webcamera Sognefjellshytta

Søndag kom vinteren for alvor. Fleire stader var det mange som fekk problem langs vegane fordi dei ikkje hadde skifta til vinterdekk.

Måndag morgon er det framleis snødekke på fjellovergangane, og det er på ingen måte nokon god ide å ferdast her med sommardekk.

Etter å ha vore nattestengt kunne ein i dag tidleg ikkje opne vegen over Sognefjellet. Her var det uvêr.

Like over klokka 13 melder Statens vegvesen at Sognefjellet er ope.

Slik er det på vegane:

  • E16 Filefjell: Vekslande isdekke, bart og vått. Klokka 06:00 var det 1 grad, laber bris og lett snø.
  • Riksveg 13 Vikafjellet: Bart og vått. Klokka 06:00 var det 2 grader, laber bris og lett regn.
  • Riksveg 15 Strynefjellet: Vekslande snø- og isdekke, somme stader bart. Klokka 06:00 var det 1 grad, svak vind og lette snøbyer.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet: Vekslande isdekke, bart og vått. Klokka 06:00 var det 2 grader, frisk bris og snøbyer.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland: Vekslande snødekke og bart. Klokka 06:00 var det -1 grad, lett bris og snøbyer.
  • Fylkesveg 55 Sognefjellet: Stengt på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 243 mellom Aurland og Erdal er også stengd grunna uvêr.
  • Fylkesveg 258 Gamle Strynefjellsvegen er stengd grunna uvêr.

Vegtrafikksentralen melder også om fare for snøslaps på riksveg 5 i Sogndalsdalen. Her var det bart tidleg måndag morgon, men ved 08.30-tida skal det ha kome nokre snøbyer som har lagt seg i vegbana.