Hopp til innhold

Uvaska vinterdekk kan vere farlege

Skitne vinterdekk kan vere farlege og mange gir blaffen i å gjere dei reine. No åtvarar fagfolk mot at folk kan få seg ei ublid overrasking når skitne dekk vert speglglatte i kontakt med nysnø.

Vinterdekk

SLURVAR: Mange bilistar vaskar ikkje dekke om vinteren.

Foto: Colourbox

Geir Ove Åsebø

TRUR DEKKA ER SLITTE: Geir Ove Åsebø seier kundane kjem med dekk som berre treng ein vask.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dagleg leiar i Vest Auto, Geir Ove Åsebø, seier dette kan vere farleg.

– Det kan vere farleg i ein naudsituasjon, der du skal stoppe veldig fort og treng minst mogleg stopplengde.

Sleipe dekk

Dekk tilgrisa av vegskit kan utgjere ein stor risiko for bilistar på vinterføre. For i mildver vert dekka kraftig ureina, og når nysnøen kjem kan sleipe dekk rett og slett verte livsfarlege.Ved Vest Auto på Nordfjordeid fortel Geir Ove Åsebø at dette er eit aukande problem.

– Det skal vere bare vegar, og då blir det mykje salting. Når veret skiftar, så blir det veldig sleipt.

Eksos og avgassar

Lars Karlsen

PASS PÅ: Lars Karlsen seier dekka må vaskast.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Også Statens Vegvesen ber folk om å passe på. Prosjektleiar for drift og vedlikehald, Lars Karlsen, seier det er viktig at folk held dekka reine.

– Vi har til dømes eksos og avgassar frå trafikken, og det vil bli ein del på dekka. Difor bør dekka vaskast av og til.

Trur dekka er slitte

På bilverkstaden fortel Åsebø om mange kundar som kjem inn med dekk som dei trur er utslitne.

– Det viser seg at det berre er ein vask som skal til, så har dei heilt nye dekk igjen.