Hopp til innhold

Utelukkar ikkje samanheng mellom innbrot

Politiet etterlyser no vitne etter to innbrot i Sunnfjord natt til fredag.

Florø og Vassenden

I løpet av natt til fredag har det vore gjort innbrot i eit bustadhus på Vassenden og i eit bowlinglokale i Florø.

På Twitter skriv politiet at dei ønskjer tips om bilar eller personar i området Årsetvegen på Vassenden i tidsrommet frå klokka 21 i går kveld ti klokka sju i dag tidleg.

– Politiet ønskjer også tips om trafikk eller personar rundt Tiffany`s Cafe og Bowling i Florø i tidsrommet frå 22.30 til klokka åtte, skriv operasjonssentralen på Twitter.

Operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt seier dei førebels ikkje kan sjå bort frå at det er ei kopling mellom dei to innbrota.

– Vi kan ikkje sjå bort frå noko. Det er innanfor ei rimeleg køyreavstand. Vi har ikkje konkrete tidspunkt enno, anna enn at innbrota har skjedd i løpet av natta.

Innbrotet i bustaden på Vassenden vart oppdaga i morgontimane, og det var tydelege spor i etter at ein eller fleire personar hadde romstert rundt. Her har den eller dei uvedkommande ifølgje Hatlenes teke seg inn ei ulåst dør.

Blant det politiet førebels veit at er vekke frå bustaden er ein telefon, eit fotoapparat og ei lommebok med blant anna førarkort. Frå bedriftslokala i Florø er det stole alkoholhaldige drikkevarer.