Hopp til innhold

Utanlanske bærplukkarar slit

Den dårlege bærsommaren får alvorlege fylgjer for mange utanlandske arbeidarar.

Plukke jordbær
Foto: Ellinor Hansen / NRK

Inspeksjonar som Arbeidsstilsynet har gjennomført, syner at fleire slit med dårleg løn, kummerlege butilhøve og lange arbeidsdagar.

Senior-inspektør i region Vestlandet, Pål Erdal, har sjølv avdekt tilhøve, og fryktar at mørketala er store.

- Mange arbeidstakarar kjem til oss med gråten i halsen og lurer på kva dei skal gjere, seier han.

Alarmerande arbeidsforhold

For stadig fleire utanlandske arbeidarar har fått merke avlingssvikten hjå bærdyrkarane her i landet.

I løpet av den har dårlege bærsommaren har seniorinspektør i Arbeidstilsynet, region Vestlandet, Pål Erdal, avdekka fleire alarmerande arbeidsforhold.

Brot på avtalar

For når inntektene uteblir for bærdyrkarane, viser det seg at det stadig oftare drypp lite på dei som står i åkeren.

Brot på munnlege avtalar, halvert løn til 40 kroner timen og kummerlege butilhøve har difor blitt daglegdags for mange.

- For å tene ei skikkeleg dags- eller vekesinntekt. så må dei strekke arbeidsdagen langt. Ofte opp i 10-13 timar, noko som er ulovleg. Når det heller ikkje føreligg arbeidsavtale så blir det uro rundt dette, seier han.

Store mørketal

Arbeidstilsynet kan komme med pålegg om endringar, og dei verste tilfella vert melde til politiet. Men Erdal fryktar at mørketala er store. Og den uroa deler han med Jarle Kirketeig i Fellesforbundet.

 - Eg prata med nokre førre veke som sa at dei trudde dei kom til eit land der alle var gjestmilde, vennlege og ærlege. Og så opplever dei noko heilt anna.

Blir følgt opp

Ifylgje Erdal i Arbeidstilsynet vil fleire av sakene bli følgt opp i tida som kjem. Men han håpar han ikkje treng å oppdage liknande tilhøve neste sommar. Difor vil han no be om eit møte med Utlendingsdirektoratet.