Hopp til innhold

Utan gjennombrot etter brutalt ran

Politiet har framleis ikkje fått noko gjennombrot i etterforskinga etter det brutale ranet i Aurland natt til søndag.

Innbrot i Aurland

TJUVAR: Medan Per Winjum og ein kamerat vart haldne i sjakk, endevendte tjuvane huset.

Foto: Atle Gjerløw

Fem menn var væpna med pistolar og hette over over hovudet, då dei truga og rana Per Winjum og ein kamerat i Aurland.

Politiet har få spor og tips å gå etter. Tjuvane stakk av med ei gullklokke, ringar og eit par-tre tusen kroner.

Magne Knudsen

LENSMANN: – Vi har ikkje fått noko gjennombrot i saka, seier lensmnann Magne Knudsen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har fått inn nokre tips. Mellom anna om ein mørk BMW stasjonsvogn, med fleire personar i, som var på tunet for ein månads tid sidan. Det er uvisst om det er noko samanheng, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Endevende huset

Winjum og kameraten sat og prata då dei fem mennene kom inn døra. Mennene skal ha snakka engelsk seg imellom. Dei to kameratane opplevde tjuvane som trugande.

– Ein av dei sat her med oss medan dei andre endevende huset. Vi hadde ein pistol mot hovudet og vi måtte sitje heilt i ro, fortalde Winjum til NRK.no.

Dei to vart teipa over munnen og hendene bak på ryggen.

Treng tips

Etter hendinga fekk kameratane tilbod om hjelp frå kriseteamet i kommunen. Krimteknikkarar har vore på staden og sikra spor som det blir jobba med.

Politiet har ikkje fått mange tips frå publikum, men lensmannen seier dei har fått tips på konkrete namn som dei prøvar å sjekke ut.

– Vi etterforskar saka breitt og ynskjer tips frå dei som kan ha sett noko. Særleg mellom klokka 02 og 08 søndag morgon. Alle tips er av interesse, seier lensmann Knudsen.