Hopp til innhold

Usikkert om Vikafjellet blir opna i dag

Det er usikkert om Vikafjellet blir opna i dag. Skredet som gjekk i går er ikkje ferdig gjennomsøkt fordi det er så breitt og høgt.

Leitar i raset

STORT SKRED: Torsdag startar leitemannskap opp at søket i det store skredet som gjekk på Vikafjellet onsdag ettermiddag.

Foto: Vossestrand Røde Kors hjelpekorps

– Difor er det usikkert om fjellovergangen blir opna i dag, seier Hanne Nordheim i Vegtrafikksentralen i Hordaland.

Eit om lag 100 meter breitt ras stenger riksveg 13 over Vikafjellet. Politiet har så langt ikkje opplysningar som tyder på at noko skal vere tekne av raset, men vil likevel søke gjennom raset.

Søket blir tatt opp at ved åttetida torsdag.

Omfattande arbeid

For mannskapet på staden har det vore tungt og krevjande arbeid, både på grunn av kompakt og tung snø, men også fordi raset er så djupt.

Onsdag kveld avslutta mannskapa leitinga utan å vere ferdige med søket.

– Vi er nesten ferdige med første gjennomsøket, men raset er så djupt. Det er mellom sju og ni meter høgt, så vi når ikkje ned med søkjestengene, sa fagleiar skred i Røde Kors, Gunnar Lillethun til NRK onsdag kveld.

Raset, som har gått mellom Hola og Myrkdalen, vart meldt like etter klokka 16.30, og mannskap frå politi, brannvesen, Røde Kors, Norske Redningshunder og ambulansehelikopter vart raskt kalla ut

Store snømassar

– Når raset er om lag 100 meter breitt og opp mot ni meter høgt så er det store snømassar som skal gjennomsøkast, seier Nordheim.

– Veit du når vegen kan bli opna?

– Det er førebels uvisst. Det kjem litt an på søket, og når det blir avslutta. Først då kan brøytemannskapa starte ryddinga.