Hopp til innhold

Unge talent får spele på Sogndal

21 unge fotballtalent frå heile fylket er plukka ut til å representere Sogndal sitt juniorlag når klubben inviterer til eliteturnering neste veke.

Ruben og Mads Wie

FÅR SPELE PÅ SOGNDAL: Mads Wie (t.v) spelar til vanleg på Tornado Måløy. Neste veke får han spele for Sogndal.

Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no

- Dei vi har plukka ut er spelarar som har gjort det veldig bra og som har utvikla seg godt i sine eigne klubbar, seier Håvard Flo som er sportsleg organisator i Sogndal.

- Viktig å satse på lokale spelarar

Ørjan Hopen

TALENT PÅ HEIMEBANE: Ørjan Hope spelar allereie for Sogndal.

Foto: Rune Fossum

Dei siste åra har Sogndal invitert lag får både inn og utland til eliteturnering, og i år er ikkje noko unntak.

Laget som skal representere Sogndal på juniornivå er samansett av talentfulle spelarar frå lokale klubbar i Sogn og Fjordane.

Samla under paraplyen til Sogndal skal dei møte klubbar som mellom anna Brann, Molde, Ålesund, Strømsgodset og brasilianske Karamba.

- Det er viktig for oss som lag å satse på lokale spelarar og vere med å utvikle dei spelarane som er i vårt nærområde. Det å invitere dei med på slike turneringar er ein måte å gjere det på, seier Flo.

- Veldig fin gjeng

Saman med Freddie Butler skal han vere ansvarleg som trenar for laget under turneringa.

Flo har allereie stifta kjennskap med fleire av dei unge spelarane på to samlingar i løpet av vinteren. Sjølv om nokre av dei 21 som får vere med på eliteturneringa er nye for Flo er ein ting sikkert.

- Det gror godt blant unge fotballspelarar i fylket. Det er ein veldig fin gjeng, seier Flo.

- Positivt både for alle partar

I Sogndal Fotball brukar dei turneringa til å finne ut meir om nivået i klubbane i Sogn og Fjordane og meir om det som kan vere framtidas eliteseriespelarar i saftbygda.

Gustav Valsvik

TALENT PÅ HEIMEBANE: Også Gustav Valsvik spelar allereie for Sogndal. Han får no lagkameratar frå heile fylket.

Foto: Rune Fossum / NRK

Samtidig meiner Flo at turneringa også vil vere med å heve kvaliteten lokalt.

- Det at spelarar får vere med på slike ting kan gjere dei meir ivrige på å bli best mogleg, seier Flo.

Han trur også at enkeltspelarane som får vere med kan ta med seg mykje positivt tilbake til sin heimklubb.

- Når dei reiser tilbake til sine klubbar kan dei vere med å dra dei med seg. Vere rollemodellar og sørgje for mykje positivitet og iver lokalt, seier Flo.

Turneringa går i Sognahallen 13. – 16. januar. Første kamp for Sogndal vert mot Ålesund torsdag klokka 18.