For kven har vel ikkje opplevd dårleg radiosignal langs vegane i dette fylket? Dette er det ungdomsbedrifta ved Flora vidaregåande skule no vil forbetre.
Sogn og Fjordane har omtrent 50.000 bilar med FM-radio. Radionettet stengjer i juni 2017, men mange er framleis på FM-nettet.
Har seld 25 – vil selje 1000
Sjølv om det er eit mål for dei 19 elevane som tek entreprenørskap som fag, å hjelpe dei som slit med å byte om til DAB, har dei også andre mål.
– Målet er først og fremst å lære mest mogleg av dette, å få prøve ut korleis det er å ha ei bedrift, men vi vil jo sjølvsagt også selje bra, seier dagleg leiar for bedrifta, Mathilde Jellestad.
Bedrifta har til no seld 25 adaptere og dei har som mål å selje 1000. Men dei held seg innanfor kommunegrensene.
– Det er vel det vi kjem til å satse på, men vi kan vel sende adapateren til andre stader i Sogn og Fjordane seinare, seier Jellestad.
– Godt eigna for norske tilhøve
Ungdomane har fått hjelp av kommunikasjonssjef i Digitalradio Norge, Mari Hagerup, til å kome i gang. Ho meiner bedrifta vil passe godt i eit fylke med mykje fjell.
– DAB er veldig godt eigna for norske tilhøve, den norske topografien og særleg i landskap med mykje fjell.
Om bedrifta når målet om å selje 1000 adapterer er uvisst, men dei har allereie no planlagt kva dei vil bruke inntektene til.
– Overskotet har vi tenkt å bruke til å gjere noko kjekt. Reise på ein klassetur eller noko slikt, seier Jellestad.