Det er kapasitetsomsyn som gjer at undersøkingane ikkje vert gjort tidlegare, opplyser politiinspektør Tore Salvesen ved Laksevåg politistasjon.
Familien pågripen
Sist torsdag vart ektemannen til Dung og tre andre familiemedlemmer pågripne og sikta for forsettleg drap.
Politiet leitar no etter Dung som vart meldt sakna 20. juli. Det vert leita med likhundar og søkt i sjøen i og rundt Bergen. I tillegg undersøker kriminalteknikarar bustaden til familien i Krabbedalen i Bergen.
Hytte i Fjaler
Politiet opplyste tysdag at dei alt for tre-fire veker sidan var i gulen for å sjekke hytta til familien. Onsdag viser det seg derimot at det var tale om ei hytte i Fjaler.
- Vi fann ikkje den sakna. Eg kan ikkje kommentere om vi gjorde andre funn i hytta, seier Salvesen til NRK Sogn og Fjordane.
Ny utvikling i saka
Den gongen jobba politiet utifrå teorien om at småbarnsmora berre var forsvunnen - og ikkje drepen.
- No har jo saka utvikla seg ganske mykje sidan den tid, så no vil gjere kriminaltekniske undersøkingar i og rundt hytta, seier Salvesen.
Vurderer å bruke likhundar
Han seier det og kan vere aktuelt å søke med likhundar på hyttetomta.
- Alle fasilitetar som dei sikta kan ha hatt tilgang til er aktuelle å gjennomsøke. Men det betyr dermed ikkje at denne hytta er meir eller mindre interessant for oss enn andre eigedomar dei har hatt tilgang til, forklarar Salvesen.