Hopp til innhold

Underskriftsaksjon for Simon (9)

Støttegruppa for Simon og faren Fkadu samlar underskrifter i Florø i dag.

Underskriftsaksjon for Simon

Fleire hundre personar har skrive under for få få Simon tilbake til Florø.

Foto: Simon Solheim/NRK

Etter eit og eit halvt år i kystbyen vart dei kasta ut, tilbake til slummen i Italia, der dei kom frå.

Heile lokalsamfunnet i Florø mobiliserer no for å få dei to tilbake frå Italia.

- Jens skal få underskriftene

Kåre Leif Hollevik

Kåre Leif Hollevik

Foto: Simon Solheim/NRK

Etter et og et halvt år i Norge vart Simon og pappa Fkadu kasta ut av landet og tilbake til slummen i Italia der de levde før. Dublin - avtalen syter for at dei ikkje kan søkje asyl i Norge. Det må dei gjere i det første landet dei kjem til.

Politiet kom i førre veke på døra, med utsendingsskrivet i handa.
Dei to rakk knapt å seie hadet til gode vener før dei måtte reise, utvist av landet.

- Det er svært mange som engasjerer seg i denne saka, seier Kåre Leif Hollevik i støttegruppa for Simon og pappa Fkadu.

Aldri gått på skule før

Underskriftsaksjon for Simon
Foto: Simon Solheim/NRK

Simon og pappa Fkadu Thaye flykta frå heimlandet Eritrea gjennom Sundan og til båten dei var i kom til Italia. Der måtte dei gje fingeravtrykka sine til myndigheitene.

Men dei kunne ikkje bli verande der, buande blandt uteliggjararar, rusmisbrukarar. Men gode vener hjalp dei til Norge og Florø.
I løpet av det halvanna året dei budde i kystbyen lærte Simon seg norsk, var på fotballaget og fekk seg gode vener.

- Det vert heilt feil å sende ut to som er så integrerte som dei to var. Vi saknar dei sårt, og vil ikkje gje oss i kampen for å få dei tilbake til Florø.

Simon har aldri gått på skule før han byrja i inmnføringsklasse i Florø.

- Han var heilt på høgde med dei andre elevane no når han tok til på skulen att etter ferien, seier Hollevik.

UNE vil ikkje seie noko

UDI vil ikkje kommentere saka til NRK, og viser til UNE som no handsamar saka. Dei har heller ikkje svart på NRK sine førespurnader.