Erik Lidal ber no kommunestyret om å frita han frå vervet, to år før tida. Årsaka er ønskjet om å pensjonere seg.
- Eg har eigentleg hatt dette i tankane heile tida, seier han.
Det er all grunn til å tru at Erik Lidal (Sp) vil trekke seg som ordførar for å gjere plass til Marta Finden Halset frå Ap.
Avtalte to år
Senterpartiet og Arbeiderpartiet i Vik vart nemleg samde ved førre kommuneval om at dei skulle dele på ordførarvervet i inneverande periode. Ei slik deling sa fylkesmannen nei til, og spørsmålet no er om Lidal og Senterpartiet prøver seg med ein spansk ein for likevel å gjere plass til Finden Halset.
- Nei, det er ikkje difor. Eg har lyst å ta ut pensjon, seier Lidal.
- Vil overprøve fritak
Oddvar Flæte. Foto: NRK
- I følgje kommunelova skal ein ordførar veljast for heile perioden. Det å ville pensjonere seg er ikkje ein tuntvegande grunn for å få fritak, seier fylkesmann Oddvar Flæte.
Marta Finden Hallset vil ikkje kommentere saka, og meiner dette er ei privatsak.
Fylkesmann Oddvar Flæte seier derimot at dei vil overprøve vedtaket, viss kommunestyret gir Lidal fritak frå vervet som ordførar.
- Det vil vere naturleg, seier fylkesmannen.