Ein bil har køyrd av vegen like ved Hyllestad sentrum. Det var to personar i bilen då ulukka skjedde, dei kom uskadde frå det.
Politiet melder at dei to i bilen var gutar i tenåra. Årsaka til ulukka skal vere at dei fekk sleng på bilen i ein sving. Bilen skal ha fått ein god del skader.