Både geitostelskarar og bøndene bak det einaste ysteriet i sitt slag her i landet fortvilar. Til sjølve ystinga har geitebøndene vore avhengig av hjelp utanfor, og eit latvisk ektepar som har lang fartstid og utdanning innan faget gjorde ein så god jobb i fjor sommar, at dei skulle få kome tilbake i år. Men det set altså UDI ein stoppar for. Og problema har no hopa seg opp for bøndene i Undredal.
Pascale Baudonnel i Undredal er ein av geitebøndene som no må klare seg utan ystehjelp.
Produksjonen skulle eigentleg starta alt i februar, og dei tre geitebøndene har tapt 1500 kroner dagen på at dei har måtte levere mjølka til Tine i staden for å lage eigen ost av den. Og å få tak i andre ystarar har til no synt seg svært så vanskeleg.
Fortvilande
Bøndene produserar no sjølve for fullt, men det blir ikkje nok til å dekke behovet. For Leif Inge Underdal i den lokale butikken Underdalsbui, som sel den eksotiske osten, er det stemninga fortvilande. Og spesielt ille er det akkurat no føre påske, då det er ekstra rift om geitosten.
Håpet no er at det skal bli enklare å få tak i latvisk arbeidskraft når landet blir medlem av EU 1. mai.