Ei tung bør er løfta av skuldrane til hotelleigar Ole Berge Drægni.
Fram til Turtagrø Hotell brann ned i januar i fjor, var hotellet 100 prosent familieeigd. No kjem to nye medeigarar på bana, fjellutstyrsleverandøren Norrøna og fjellsportkursfirmaet Vertical.
Heilt naudsynt
Utan ny kapital hadde det ikkje vore mogleg å starte hotelldrifta på nytt, seier Drægni.
Kor mykje dei to nye aksjonærane har gått inn med, det vil ikkje Drægni ut med. Men han kan fortelje at dei no eig 10 prosent kvar.
Og det har nok vore meir enn berre kroner og øre som har spelt inn når dei to fjellfirmaa har skreve under kontraktene. -Det har nok vore viktig for desse selskapa å få drifta på Turtagrø i gong att, seier Drægni.