Hopp til innhold

Turist døde etter at han blei rygga ned

Den belgiske turisten som blei påkøyrt av ein lastebil på Dokkeskjærskaien i Bergen er bekrefta omkomen.

Dokkeskjærskaien

BLEI PÅKØYRT: Den 52 år gamle turisten som blei påkøyrt på Dokkeskjærskaien torsdag omkom i dag.

Foto: NRK

Torsdag ettermiddag blei den 52 år gamle mannen blei påkøyrd av ein lastebil på Dokkeskjærskaien i Bergen.

Seinare same kveld melde politiet at mannen var kritisk skadd.

Fredag føremiddag melder Haukeland universitetssjukehus at mannen døde av skadane han fekk etter påkøyrsla.

Blei rygga ned

Ulukka hende då ein contatinerbil skulle rygge på Dokkeskjærskaien i Bergen.

– Sjåføren merka ikkje at fotgjengaren var bak bilen og rygga han ned. Mannen hamna under bilen og blei slept eit stykke på kaia, fortel politiførstebetjent i Hordaland politidistrikt, Arne Sangolt.

Mannen blei liggande på kaia med store skadar etter ulukka, som skjedde på eit lukka hamneområde.

Føraren inn til avhøyr

Kva 52-åringen gjorde på kaia veit politiet ikkje. Båten mannen var passasjer på låg til kai i nærleiken.

Bilen som var involvert i ulukka var reist frå staden då mannen blei funnen. Seinare blei både bilen og sjåføren funnen. Bilen har vore inne til tekniske undersøkingar, og føraren av blitt avhøyrt.

Statens vegvesen og Havarikommisjonen er også kontakta i saka.

– Kona til mannn har fått oppdemt ein bistandsadvokat, slik at hennar interesser er teke vare på, fortel Sangolt.

Saka blir etterforska vidare.