Hopp til innhold

Sat fast i fjellet i timevis

Eit turfølgje på fem personar har vore fast i fjellet i Loen heile natta. Følgje er no frakta ned av redningsmannskapet.

Ulykke Via Ferrata Loen

VIA FERRATA: Turfølgje sat seg fast på Via Ferrata i Loen.

Foto: Roger Vik

To personar er lettare skadd. Alle er no nede frå fjellet.

– Dei har fått varme klede, mat og drikke. Dei skal vere godt varetatt.

Det fortel operasjonsleiar i politiet, Trond Hatlenes.

Turgåarane skal vere turistar og vart sittande fast i Via Ferrata då dei var på veg opp fjellet. To av turfølgjet har lettare skadar, men Trond Hatlenes fortel at det ikkje er snakk om noko dramatikk.

– Dei fem er kalde, svoltne og tørste, men har fått forsyningar så det vil nok snart bli betre. Situasjonen har slik vi ser det vore utan dramatikk.

Hatlenes seier at dei framleis ikkje har full oversikt over korleis turgåarane har hamna i situasjonen.

– Vi har jobba med å få dei trygt ned, og veit ikkje kvifor dei har sett seg fast.