Hopp til innhold

Tunnelane vert utbetra

Høgda i Strynefjellstunnelane skal utbetrast til 4.2 meter.

Tunnel på Strynefjellet

No vert det lettare for vogntoga å kome seg gjennom Strynefjellstunnelane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nasjonal transportplan vart lagt fram i dag. Der kjem det fram at det i perioden 2010 til 2013 vert prioritert tiltak for auke frihøgda i Strynefjellstunnelane til 4.2 meter.

Tunnelane på Strynefjellet har i dag ei makshøgde på 4 meter. Det er trongt og smalt, og dagleg tek høge vogntog i taket når dei møter andre store vogntog. I tillegg til materielle skadar kan det oppstå farlege situasjonar.

Seint, men godt

Ragnvald Flåten i Flåten Transport har fleire tilsette som dagleg køyrer i tunnelane. Han er glad frihøgda no skal hevast.

- Det er positivt. For å få stort nok lastevolum på bilane må ein gjerne opp i ei høgde på 4,20 m, seier Flåten.

Han synest at tiltaka burde ha kome før, men han er i det minste nøgd med at noko endeleg vert gjort.

Flåten håper at utbetringane har kome godt i gang til Kvivsvegen opnar. Då vil nemleg trafikken over Strynefjellet kome til å verte endå større.