Hopp til innhold

Lødemel: «Tidenes sterkaste Høgremannskap»

– No blir det rock and roll i nokre veker og to bjørnar på tinget, sa ein sprudlande Bjørn Lødemel då Høgre opna valkampen i Førde i dag.

Bjørn Lødemel

TOPPKANDIDAT: Bjørn Lødemel håpar å få selskap av endå ein 'bjørn' på tinget.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Sogn og Fjordane Høgre mønstra sitt beste mannskap under valkampopninga i Førde. Det skjedde i bygget turistane ikkje vil besøke i sommar, Sogn og Fjordane kunstmuseum.

Kaptein og toppkandidat Bjørn Lødemel var nyklipt og strigla i ny blå jakke med Høgrelogoen synleg plassert. Same type jakke hadde den andre bjørnen, andrekandidat Bjørn Hollevik, tredjekandidat Grethe Kristin Lerum og ungdomskandidat Embla Belsvik.

Til og med fylkesleiar Arve Mjømen hadde teke turen til Førde. Han kom direkte frå ferie og stilte solbrun i kvit dress.
Og det er liten tvil om at Høgre gler seg til å drive valkamp i Sogn og Fjordane.

Ufatteleg inspirerande

– Vi har tidenes sterkaste Høgremannskap i Sogn og Fjordane. Vi vil i regjering og vi vil ha to bjørnar (Lødemel og Hollevik) på tinget, sa Bjørn Lødemel medan han viste fram fakta over utviklinga til Høgre i Sogn og Fjordane dei siste åra.

Frå to til 12 ordførarar og varaordførar, ei sterk fylkestingsgruppe og sterke partilag i nesten alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Og for ikkje å gløyme meiningsmålingane.
– Dei er og har vore ufatteleg inspirerande for oss, sa Lødemel og viste til målingar over 30 prosent i Sogn og Fjordane.

Hårete ja, men

– Jo, det er eit hårete mål med to bjørnar på tinget, men det er ikkje heilt urealistisk, understreka både Bjørn Lødemel og Bjørn Hollevik. Hollevik la til at han allereie hadde diskutert eventuell pendling til Oslo med familien.

Men flyttelasset er ikkje pakka. Det skal gjennomførast ein valkamp, og partia skal slåst om fire mandat i Sogn og Fjordane.
Per i dag er Høgre og Ap inne med kvar sin representant, medan Sp, Frp og Høgre slåst om det tredje sikre mandatet. Det fjerde mandatet er eit utjamningsmandat.

Betre partiprogram

– Veljarane vil ha Erna som statsminister. Ho har levert over tid. Erna er ein fantastisk leiar, og ingen kan så mykje politikk som ho. Vi er klare, sa Lødemel.

Til og med partiprogrammet til Høgre fekk mykje skryt under valkampopninga.
– Vi har eit langt betre partiprogram enn tidlegare. Det er lettare å gå til valkamp med dette programmet, la toppkandidaten til.

Klassiske Høgresaker

Dei fire lokale sakene som står øvst på prioriteringslista til Høgre i Sogn og Fjordane er kunnskap i skulen, skape trygge arbeidsplassar, kvalitet og valfridom i helsevesenet og raskare utbygging av vegane. Klassiske Høgresaker forankra i lokale diskusjonar om trasevalet for E39 i Nordfjord og Førdepakken.

– Eg er sikker på at det var rett av Høgre å gå for indre linje i Nordfjord. Den saka har vi diskutert grundig internt i partiet, og no er vi ferdige med den. Så får dei andre partia slåst med sine problem, sa Lødemel om E39 via Stryn og Kvivsvegen eller via Lote-Anda.

Har kandidatar

Toppkandidatane til Høgre trur på ei ny regjering med Høgre i spissen, og dei er trygge på at det vil sitje folk sentralt plassert i den nye Regjeringa med bustadadresse Sogn og Fjordane.

– Vi har fleire gode kandidatar frå vårt fylke i ei ny regjering, sa fylkesleiar Arve Mjømen frå sidelinja og peika på mellom andre Bjørn Lødemel som ein statsrådskandidat.

Lødemel på si side var mest oppteken av at Liv Signe Navarsete ikkje har levert på heimebane frå sin sentrale posisjon som statsråd og partileiar i Senterpartiet.

– Liv Signe presterer ikkje på heimebane i forhold til det ho seier ho gjere. Sjå berre på dei sakene eg har jobba mykje med, vern og rovdyr. Der er det SV som styrer i Regjeringa. Sp leverer ikkje på nasjonal politikk når det gjeld rovdyrproblematikken, sa Lødemel.