Hopp til innhold

Trur gjerningsperson jakta medisin

Vedkommande som natt til søndag overfall ein ambulansetilsett i Stryn, var truleg på jakt etter medisinar.

Ambulansestasjonen i Stryn

PREGA: Politiet meiner gjerningspersonen var på jakt etter medikament då ein tilsett ved ambulansestasjonen oppdaga han.

Foto: Arne Vik

Det seier lensmann i Stryn, Lasse Trosdal.

Ei kvinne i 30-åra fekk slag- og kuttskadar då ho natt til søndag kom over uvedkommande i ambulansestasjonen i Stryn.

– Vi jobbar ut frå fleire teoriar, men eine hovudteorien er at vi trur at vedkommande har vore på jakt etter medisinar, seier Trosdal til NRK.no.

Vil kartlegge

Lensmannen vil ikkje kommentere om gjerningspersonen fekk med seg medikament. Trosdal kan heller ikkje seie at politiet har kunne konstatere noko innbrotsstad.

Det var to personar på jobb i stasjonen då overfallet skjedde. Folk som var i sentrum av Stryn laurdags natt er bedne om å kontakte politiet og så langt har mange meldt seg

– Vi er framleis i ein fase der samlar inn og kartlegger, og er ute etter å finne ut kvar alle som var i Stryn sentrum mellom klokka 0230 og 0330, har vore, seier han.

Leitar breitt

Lensmannskontoret i Stryn har fått forsterkingar frå andre lensmannskontor for å jobbe med saka.

– Leitar de etter gjerningspersonen i spesielle miljø?

– Nei da. Vi leitar veldig breitt, og det er difor vi ynskjer så brei innsamling av opplysningar.

– Er prega

Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Ole Bernt Flekke, seier dei tilsette ved ambulansetenesta i Stryn er prega av hendinga.

Bernt Ove Flekke

SJEF: Bernt Ove Flekke.

Foto: Helse Førde

Leiinga i Helse Førde var søndag kveld i Stryn for å samtale med tilsette.

– Det er veldig trist at slikt skjer, og vi tek det på stort alvor at nokon av vårt ambulansepersonell blir angripne og skadde på arbeidsstaden sin. Det som er viktigast for oss no er å ta vare på og følgje opp direkteberørt og andre på ambulansestasjonen, seier Flekke.