Hopp til innhold

Trur dei snik på ferja

Uten noko kai-informasjon om at ferjene mellom Skjersholmane og Valevåg er gratis, trur mange passasjerar at dei snik.

Gratisferjene har surra og gått i ei veke mellom Skjersholmane og Valevåg, etter at Trekantsambandet er mellombels stengt.

Men det finst ingen informasjon på ferjekaiane eller på ferjene om at turen er gratis, skriv bladet Sunnhordland.

Ferja Sunnhordland

Manglar gratis-info: Det er ikkje informasjon på ferja eller kaiane om at turen mellom Skjersholmane og Valevåg er gratis.

Foto: Trond Moksnes

Dårleg samvit

Truleg har dette ført til at ein del passasjerar har køyrt i land med ei uggen kjensle av å ha vore uærlege.

Avisa skriva at dei ikkje fekk tak i Tide Sjø måndag, men kontakta ein styrmann på ei av ferjene som går i sambandet.

Å hengja opp informasjon om at ferjeturen er gratis, hadde han ikkje tenkt på. Men han innrømmer at mannskapet har fått spørsmål om kvar dei skal betala. Folk har også ringt ferja etter at dei er komne i land.

Ville køyrt smilande i land

- Vil ikkje bilistar på gjennomreise undra seg på at dei må betala over Bjørnafjorden og Boknafjorden, men ikkje finn billettørar i luka eller på ferja her?

- Dei fleste kjenner vel til at ferja er gratis. Sjølv ville eg ha køyrt i land med eit stort smil, utan å kjenna på dårleg samvit, seier styrmannen, som vil vera anonym.